Statsforvaltaren har hatt tilsyn med Volda kommune sin beredskap

Statsforvaltaren har hatt tilsyn med Volda kommune sin beredskap

Sonja Håvik er beredskapsrådgjevar i Volda kommune. - Klikk for stort bileteSonja Håvik er beredskapsrådgjevar i Volda kommune. Joakim Rødven

Statsforvaltaren hadde tilsyn med kommunen sin beredskap 27. april, og kommunen har no mottatt førebels rapport frå tilsynet. Hovudinntrykket til statsforvaltaren er kommunesamanslåinga har styrka kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap gjennom omorganisering, nye system og rutinar. God organisering i kvardagen og god beredskapsplan legg eit viktig grunnlag for god krisehandtering. Kommunen har oppdatert planverk og kvalitetssystem for beredskapsarbeidet, og dette er godt forankra hos den politiske og administrative toppleiinga.

Statsforvaltaren trekte fram som eit særleg godt døme at Volda kommune saman med grannekommunane Ørsta og Vanylven skal gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vil vere ferdig tidleg i komande kommunestyreperiode. ROS er grunnleggjande dokumentasjon for dei planane som det nye kommunestyret skal arbeide med.

Kommunen fekk mykje ros for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, men fekk også eit avvik som gjaldt mangel på plan for oppfølging av tiltaka i eksisterande ROS-analyse frå 2020. 

Tilsyna frå statsforvaltaren inngår i kommunen sitt kvalitetsarbeid for læring og forbetring. Beredskapsrådgjevar Sonja Håvik seier at vi allereie har klart for oss korleis vi skal lukke avviket. Ny ROS-analyse skal utarbeidast til hausten, der den vert integrert i kommunen si plan- og verksemdstyring og tiltaka skal inn i budsjett, økonomiplan og årsrapportering. Kommunen har fått frist til 12. juli til å leggje fram ein plan som skisserer dette.