Statsforvaltaren har konkludert etter tilsyn

Statsforvaltaren har konkludert etter tilsyn

Bilete av to barn som klatrar i leikestativ og frå litt hjelp av ein tilsett. Dei har på seg regnklede. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune Statsforvaltaren har hatt tilsyn med kommunen som barnehagemynde, og rapporten er no klar. Det er ikkje funne regelverksbrot i tilsynet.

Statsforvaltaren fører tilsyn med Volda kommune. Tema for tilsynet er kommunen som barnehagemyndigheit og ansvaret for å drive rettleiing og tilsyn med barnehageeigarane. Tilsynet har som formål å kontrollere om barnehagemyndigheita i kommunen tek i vare ansvaret sitt for å sjå til at regelverket vert etterlevd hos barnehageeigar, og at barnehagemyndigheita sin saksgang i samband med tilsynet er i samsvar med forvaltningslova.

I rapporten står det ar Volda kommune har omfattande planar og møteverksemd som syner at dei har eit tett samarbeid med barnehagane i kommunen, både kommunale og private. Det Statsforvaltaren har fått tilsendt av dokumentasjon og informasjonen dei har fått gjennom intervju, tyder på at kommunen gjer mykje godt arbeid i barnehagesektoren.

Funn

Vi har ikkje funne regelverksbrot i tilsynet og kan dermed avslutte tilsynet, står det i rapporten. 

 

Her kan du lese rapporten. (PDF, 118 kB).