Statsforvaltaren kjem på tilsyn

Statsforvaltaren kjem på tilsyn

Bilete av inngangspartiet tl Øyra skule. Skulebygget er moderne i designet med klare fargar i orange, blått, grønt og gult. - Klikk for stort bilete Volda kommune Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å gjennomføre tilsyn av kommunane si oppfølging av lovfesta tenester. Det er no varsla tilsyn etter opplæringslova ved Øyra skule og Voldaskulen. Det var formøte tysdag 6. september. 

Tema for tilsynet

Tilsynet vil ha fokus på elevane sitt skulemiljø. Korleis følgjer kommunen som skuleeigar og skulen opp med undersøkingar og eventuelle tiltak, dersom det er mistanke om eller det er kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Dette vert ein sjekk av kommunen og skulen sin eigenkontroll/internkontroll og dokumentasjon av korleis denne vert følgt opp i det daglege.

Statsforvaltaren ønsker å kontrollere både store og små kommunar, og Volda kommune er ein av kommunane som er vald ut for tilsyn. Øyra skule er ein forholdsvis stor skule i kommunen og er mellom anna difor vald ut for tilsyn, står det i brevet få Statsforvaltaren. Tilsynet skal vere prega av openheit, likebehandling og at det er etterprøvbart og effektivt, står det vidare. 

Tilsyn som supplement til eigen internkontroll

Slike statlege tilsyn vert gjort rundt om kring i ulike kommunar i fylket. Volda kommune er ein lærande organisasjon og brukar tilsyn som supplement til vår eigen internkontroll og avviksrutinar, for å registrere om vi har hol der vi kan verte betre, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.

I informasjonsskrivet om tilsynet formulerer Statsforvaltaren seg byråkratisk og unyansert, slik at nokon kan få inntrykk av at her er det noko gale. 

Tilfeldig utvald skule

Det er viktig å presisere at Øyra skule eller Voldaskulen ikkje er vald ut av statsforvaltaren fordi det på førehand er kjent at vi har avvik eller det føreligg brot på regelverket, seier Sjurgard. Kommunedirektøren presiserer at Statsforvaltaren kjem hit med blanke ark, og det er dette dei skal sjekke. 

Brev 02.09.22 frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdag - Opnar tilsyn skule
Tittel Publisert Type
Informasjon til elevar og føresette - Statsforvaltaren opnar tilsyn med Volda kommune

07.09.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Informasjon til elevar og føresette - Statsforvaltaren opnar tilsyn med Volda kommune (L)(256153).pdf
Til elevar og foreldre som skal vere med på samtale med Statsforvaltaren.

07.09.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Til elevar og foreldre som skal vere med på samtale med Statsforvaltaren.pdf (L)(256154).pdf
Liste over dokumentasjon

07.09.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Liste over dokumentasjon.pdf (L)(256155).pdf
Statsforvaltaren opnar tilsyn med Volda kommune

07.09.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Statsforvaltaren opnar tilsyn med Volda kommune (L)(256156).pdf
Varselbrev vedrørande tilsyn med Øyra barneskule

07.09.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Varselbrev vedrørande tilsyn med Øyra barneskule 04-05.10.22 (L)(254533).pdf