Statusoppdatering oppgradering Grodås vassverk

Statusoppdatering oppgradering Grodås vassverk

Inntaksdam Kirkhornselva Stig Seljeset  
Nye UV-anlegg og filter

Som tidlegare formidla er Volda kommune i gong med eit prosjekt for å oppgradere Grodås vassverk. Det vil bli satt inn to nye, kraftigare UV-anlegg, som er dimensjonert for vasskvaliteten i Kirkhornselva. Begge UV-anlegga er dimensjonert for maksimal produksjonsmengd vatn ved dårlegaste forventa vasskvalitet, slik at vi kan produsere reint drikkevatn heile året utan kloring. Det blir også montert inn eit nytt automatisk partikkelfilter som vil betre drikkevasskvaliteten for abonnentane.

Mattilsynet

Volda kommune har hatt ein prosess opp mot Mattilsynet i samband med planane for Grodås vassverk. Dialogen med Mattilsynet har vore god, og dei er godt nøgd med løysinga som er valt. Oppgraderinga vil føre til ei mykje tryggare og betre reinsing av drikkevatnet for abonnentane i Grodås sentrum. Det skal ikkje være naudsynt å klore vatnet etter ein er ferdige.

 

Framdrift vidare

Grunna leveringsproblem på kritiske komponentar har det tatt litt tid å komme i gong med prosjektet. Men no skal alt utstyr være på veg til Volda og vi tek sikte på å utføre oppgraderinga i september/oktober. Dersom alt går etter planen vil anlegget være ferdig og satt i drift i god tid før vinteren.

 

Kloring av drikkevatn

I perioden fram til det oppgraderte vassverket er ferdig, vil vi måte klore vatnet sporadisk. Dette fordi det gamle anlegget ikkje desinfisere vatnet tilstrekkeleg når råvasskvaliteten er dårleg. I tillegg må vi ta i bruk ein midlertidig reinseløysning i byggeperioden.

For ekstra sikkerheit vil derfor klor være nødvendig. Start og stopp av kloring vil ikkje bli varsla nærmare fram til vassverket er ferdig. Kloring av drikkevatn kan gi ein myraktig smak, men det er ikkje farleg å drikke.