Stenging av parkeringsområde ved Volda omsorgssenter
I samband med asfalteringsarbeid vil delar av parkeringsarealet ved Volda omsorgssenter bli stengt i ei periode. Området blir sperra torsdag 24. april og vil vere avsperra fram til medio veke 19.
Illustrasjon
Området vil bli sperra av på kvelden torsdag 24. april og vere avsperra fram til medio veke 19, og det vil difor ikkje vere mogleg for tilsette og besøkande å parkere på dette arealet i perioden. Det blir laga eiga ordning for tenestebilar som har parkeringsplass i carporten. Området som blir sperra av er vist på skisse under. Alternativ parkering i perioden er parkeringsarealet på Steinrøysa ved Volda vidaregåande skule.
Publisert 24.04.2025 15:58
Sist endra 24.04.2025 16:14