Stikk UT! Festival

Stikk UT! Festival

31.  august–8. september markerer vi friluftslivets veke ved å arrangere Stikk UT! Festival. Denne veka set vi litt ekstra fokus på turgleda gjennom deltaking i Stikk UT! og oppmodar alle til å ta ein ekstra tur eller to!

 

Stikk ut festival sin logo, raud pil med denne teksten - Klikk for stort bilete StikkUT!

 

Ver med å markere festivalveka ved å:

  • gå minst ein tur og be gjerne med deg ein venn,  ein kollega eller fleire på tur denne veka. Få gjerne også med kollegaer som ikkje alt er påmeld StikkUT!
  • rusle ein tur i lag og/eller planlegg ein sosial happening knytt til eit Stikk UT!-turmål
  • lag ein intern konkurranse om å kome seg ut på tur denne veka, kanskje kan dokker friste med ein premie?
  • kanskje deltek di bedrift i konkurransen om å bli blant dei topp 10 mest aktive bedriftene rangert etter tal på turar per tilsett. Det vil bli trekt ut ein vinnar blant desse som får ein hyggeleg premie.

 

Les meir om Stikk UT!-festivalen her: https://www.stikkut.no/stikk-ut-festival