Stikk UT! inviterer alle med på vintertur

Stikk UT! inviterer alle med på vintertur

No som dagane blir kortare og mørketida senkar seg, er det ekstra viktig å prioritere aktivitet og utetid.

Stikkut skilt til vinterløper - Klikk for stort bilete StikkUt

Friluftsråda i Møre og Romsdal, i samarbeid Møre og Romsdal skikrins, kommunar og lokale lag, er no klare for Stikk UT! Vinter med både fot- og skiturar.
– Vi ønskjer å inspirere folk i alle aldrar til å komme seg ut, nyte naturen og ta vare på eiga helse gjennom vinterhalvåret, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som administrerer Stikk UT! i fylket.
– Vintersesongen byr på ei unik moglegheit til å oppleve stillheita, det magiske vinterlyset og stjernehimmelen som berre den kalde årstida har. Med turmål fordelt over heile regionen, er det lagt til rette for fantastiske naturopplevingar for alle, uavhengig av form eller ferdigheitsnivå, seier Ellingsæter.

Eit mangfald av opplevingar

Sesongen startar 1. desember og varer til 15. april. Det er eit variert utval av turar med i årets vintersesong. Anten ein likar å spenne på seg skia og gli gjennom preparerte løyper eller gå ein roleg fottur i nærområdet, finst det eit Stikk UT!-mål som passar. Det er også nokre skiturmål utanfor oppkøyrde løyper, for dei som nyttar fjellski/randoneeski.
I årets vintersesong er det 446 turar i Møre og Romsdal og Heim, derav 159 skiturar og 288 fotturar.

– Så godt som alle skidestinasjonar i fylket har Stikk UT! Ski i sine løyper. 50 skiklubbar legg ned ein stor innsats for å tilby fine skispor gjennom vinteren, seier Stig Aambø i skikrinsen.

Turtips

– Sjekk alltid vêrmeldinga før du legg ut på tur om vinteren. Kle deg etter vêret og hugs broddar og hovudlykt og kanskje noko varmt å drikke i sekken. Inviter gjerne med deg nokon på tur, det handlar om turglede, påfyll av energi og å skape gode minne, gjerne rundt eit varmt bål, seier Ellingsæter.

Deltakarar kan enkelt registrere turane sine via Stikk UT!-appen eller på nettsida stikkut.no, kor ein også finn detaljerte turomtalar og kart.

Friluftsråda og skikrinsen ønskjer alle god tur gjennom vinteren.

StikkUt Vinterturar 25-26
Tittel Publisert Type
Turmål vinterfottur 2025-26 Sunnmøre friluftsråd

26.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Turmål vinterfottur 2025-26 Sunnmøre friluftsråd (002).pdf
Turmål ski 2025-26 Sunnmøre friluftsråd

26.11.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Turmål ski 2025-26 Sunnmøre friluftsråd (002).pdf


 

Kontakt

Kristine Sofie Orheim Hansen
dagleg leiar Hornindal Frivilligsentral
E-post
Mobil 41 51 28 13