Stikk UT! Stifond - førstehjelp til stiane våre

Stikk UT! Stifond - førstehjelp til stiane våre

No er det opna for søknadar til Stikk UT! Stifond.

Stikk UT! Stifond skal brukast til «førstehjelp» til Stikk UT!-stiar med stor slitasje i Møre og Romsdal. 

Fondet er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og dei to friluftsråda i fylket.

Du kan søke via denne lenka: Stifond — Stikk UT!
Sparebanken Møre har også i 2024 tildelt Stikk UT! kr 500.000 til utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som har vore, er eller skal bli Stikk UT!-turmål. Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar og frivillege kan søke opptil kr 15.000,- pr. tiltak.

Førstehjelpstiltak

Innbyggarane i Møre og Romsdal har gjennom Stikk UT! vist at dei er blant dei mest ivrige turgåarane i landet. Vår vakre og lett tilgjengelige natur er for mange førsteval når ein skal velgje seg ein fritidsaktivitet. Men terreng og klima gir også utfordringar, og meir nedbør og auka ferdsel gir slitasje på mange av stiane. Gjørmete stiar, våte myrer og vatn som tek nye vegar og skyller vekk grus har nokre stadar ført til stygge sår i naturen. Det er derfor med stor glede vi har fått oppretta eit eige fond der det skal vere lett å søke midlar til raske førstehjelpstiltak på stiar med stor slitasje.

Søknadar

Tiltak som raskt kan komme i gang og gjennomførast vil bli prioritert. Vi ønsker bærekraftige løysingar som gir minst mogleg inngrep i naturen. Erfaringsutveksling og dokumentasjon på arbeidet som blir gjort er viktig, og her kan friluftsråda gjerne brukast som konsulentar.

Søknadene blir prioritert etter kor slitt stien er og bruk (antall besøkande på stien). I tillegg tek vi omsyn til geografisk spreiing når vi tildeler midlar.

Grunneigar og kommune (t.d. Stikk UT!-kontakten) må vere kontakta og informert om søknaden. Søkar må avklare med kommunen om tiltaket er så stort at det krev behandling etter plan- og byggelova. Her må også omsyn til sårbar natur takast i betraktning.

Kven kan søke?

Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar, frivillege knytt til Stikk UT!-gruppa og Stikk UT!-kontakten i kommunen kan søke. 

Midlane kan gå til:

Enkel klopping, grusing og steinsetting

Omlegging av sti for å unngå våte parti (t.d. skilte og rydde skog til ny trase)

Bruk/leige av utstyr

Korleis søke?

Via søknadsskjema nederst på sida.

Skjema kan sendast inn fortløpande gjennom året så langt midlane rekk.

Søknaden må innehalde:

Bilde av staden som skal utbetrast
Skildring av tiltaket (Bærekraftige løysingar vil bli prioritert)

Henvisning til staden som skal utbetrast (eks link frå morotur.no eller skjermbilde av kartposisjon)

Enkelt budsjett

Framdriftsplan

Utbetaling

Når søker oppfyller vilkåra i søknaden, vil omsøkt sum bli utbetalt utifrå stifondet sitt budsjett.

Tiltaket må gjennomførast for at ein skal behalde midlane, og dersom tiltaket ikkje blir gjennomført kan tildelt sum krevjast tilbake til stifondet. 
Søkar melder inn at arbeidet er utført saman med bilde av ferdig resultat. (Bilder må vere godkjent til videre bruk, og friluftsråda kan bruke dei som gode døme til andre.)

Synleggjering

Vi ønsker at dei som mottek midlar frå Stikk UT!-stifondet synliggjer dette i media, informasjonsdokument, årsrapport og liknande.

Ressursar:

Merkehåndboka

Tursti-avtale (grunneigaravtalar)
Sti-skolen (Miljødirektoratet)

 Film: Merking og tilrettelegging av stier (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal)

 Her finn du meir informasjon og søknadsskjema.