Stipend for helsefagstudentar i Volda kommune

Stipend for helsefagstudentar i Volda kommune

Tiltaket er for å stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenesta i framtida.

Volda omsorgssenter med skilt på vegen og lyshjarte pyntar på veggen. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Volda kommune søkjer årleg Statsforvaltaren om kompetansemidlar til studentar innan helsefag (sjukepleie, vernepleie, medisin). Målet med midlane er å stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenesta i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa.

For å kunne motta stipendet, må studenten vere budd på å vere ferievikar i minimum 80% stilling i minst 6 veker i hovudferien 2024,  i tillegg til helg eller høgtider. Stipendet blir utbetalt i etterkant av ferieperioda og berre om ein faktisk har arbeidd i avtalte vakter. Sjukefråvær over 10% gir ikkje rett til utbetaling av stipend.

Stipend for 2024 er på 10.000,- per person og 20.000,- for personar som har arbeidsstad i Hornindal. Stipend blir tildelt så lenge ein har midlar. 

I søknaden må studenten legge ved ei stadfesting på studiet frå Samordna opptak eller studiestaden. 

Søknadsfristen er 1. juni 

Søknadsskjema for kompetansemidlar

Søk på stilling som ferievikar