Stor gåve frå Sparebanken Møre

Stor gåve frå Sparebanken Møre

Torsdag delte Sparebanken Møre ut heile 10.2 millionar kroner til prosjekt i Aasenkvartalet – eit banebrytande prosjekt i Volda som er venta å gi store ringverknader for regionen

Sparebanken Møre med 10.2 millionar kroner til prosjekt i Aasenkvartalet – eit banebrytande prosjekt i Volda som er venta å gi store ringverknader for regionen

Frå venstre ser vi Hege Karete Hamre, Kjetil Vaage Øye, Andreas Brandsæter, Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Henriette Hafsaas, Runar Lie Berge, Per Ivar Kongsvik, Sølvi Dimmen og Odd Helge Mjellem Tonheim. - Klikk for stort bileteFrå venstre ser vi Hege Karete Hamre, Kjetil Vaage Øye, Andreas Brandsæter, Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Henriette Hafsaas, Runar Lie Berge, Per Ivar Kongsvik, Sølvi Dimmen og Odd Helge Mjellem Tonheim. Volda kommune


- Det er svært mykje positivt som skjer i Volda, på Campus Volda og i samband med etableringa av Aasenkvartalet. Vi er allereie tungt inne med støtte knytt til realisering av Norsk Innovasjonssenter AS men vi ynskjer i endå sterkare grad å være ein pådrivar for innovative samarbeid mellom akademia, næringsliv og det offentlege. Difor har vi valgt å bidra til ikkje mindre enn tre store etableringar i Volda, fortel Hege Karete Hamre, banksjef Næringsliv i Sparebanken Møre.

-    Volda kommune er svært takksame for engasjementet og givargleden Sparebanken Møre utøver knytt til realiseringa av Aasenkvartalet. Eg er sikker på at dette prosjektet vil styrke Volda sin posisjon som ein leiande aktør innan innovasjon, utdanning og kultur på Sunnmøre, seier ordførar Sølvi Dimmen.

Sparebanken Møre har som visjon at vi skal vere på drivarar for Skaparglede, kvar dag!
Vi brukar samfunnsutbyttet vårt til å leve visjonen vår og skape gode samfunn å leve og arbeide i.
I eit kvart samfunn veit vi at alt heng saman med alt, og at aktivitet skaper aktivitet.

Den oppveksande generasjon skal arbeide med jobbar som enno ikkje er skapt. Men vi veit at naturfagskompetanse, teknologi og innovasjonsevne er viktig kunnskap å bere med seg i livet. Dette er kompetanse som både private og offentlege versemder har stadig større behov for.


5 millionar kroner til Newton Møre Volda

Newtonromet skal etablerast i det nye Aasenkvartalet. Eit Newtonrom er eit høgteknologisk klasserom der både elevar og lærarar får utforske mellom anna robotprogrammering, energi, bio- og genteknologi for å nemne nokre eksempel. All opplæring er basert på gjeldande læreplan for kvart trinn. Newtonrommet i Volda vil bli knytt til eit internasjonalt nettverk med ulike undervisningsmodular og kompetansesamarbeid. Rommet vert tilgjengeleg for alle elevar i Volda kommune, og planen er å etablere dette allereie til hausten på Voldabadet i påvente av realisering av Aasenkvartalet.

Sparebanken Møre gir rommet i gåve til Volda kommune, som står ansvarleg for drift. Stiftinga FIRST Scandinavia er eigar av Newton-konseptet og er ansvarleg for bygging av rommet i tillegg til det faglege innhaldet. Frå før har banken gitt Newtonrom til Campus Ålesund og Campus Kristiansund, i tillegg til å ha bidrege til Newton Sunndal.

 

1 million kroner til kultur- og konferansescene i Aasenkvartalet

- I 2024 hadde Sparebanken Møre ein kampanje der kulturscener kunne søke om støtte til lyd og lys, utbetring av scene inkludert universell tilkomst. 108 kulturscener fekk til saman 16 millionar kroner, fortel Hamre. Der valgte vi også å gi støtte til nokre nyetableringar, herunder 1 million kroner til  kultur- og konferansescena i Aasenkvartalet.  

 

4,2 millionar kroner til etablering av KI-samarbeid ved Høgskulen i Volda

Som del av eit større samarbeid knytt til søknad om etablering av eit nasjonalt KI-senter, ynskjer Sparebanken Møre å bidra med ei stipendiatstilling ved Høgskulen i Volda knytt til prosjektet. Høgskulen i Volda er saman med Volda kommune (og andre kommunar i regionen) med på ein sentersøknad frå leiande KI-institusjonar i Noreg, med Universitetet i Oslo (UiO), Norsk Regnesentral og SINTEF i førarsetet.

TRUST - Det norske senteret for truverdig KI

Dette er namnet på senteret dei søker om, og dette KI-senteret vil vere eit oppdragsorientert forskingssenter som utviklar ny KI-teknologi, studerer korleis teknologiane kan verte tilpassa behova i samfunnet, og undersøkjer dei samfunnsmessige konsekvensane av KI. Hovudmålet er å utvikle pålitelege KI-system og tilhøyrande styringssystem.
-    Vi er svært takksame for satsinga til Sparebanken Møre på kunstig intelligens og naturfagkompetanse, og vi ser fram til meir samarbeid i regionen. KI vil spele ei avgjerande rolle innanfor mange samfunnsområde framover, og det er viktig for Høgskulen i Volda å utvikle meir kompetanse innanfor kunstig intelligens og ta dette med inn i utdanningane våre. Vi vil forske på samfunnskonsekvensane av KI og finne ut korleis vi kan nytte teknologien på ein best mogleg måte saman med partnarane våre. I dagens globale konkurranse i utviklinga av KI-teknologi er det viktig for oss å vere med på eit senter som vil gi truverdig, trygg og berekraftig KI, seier forskingssjef Henriette Hafsaas ved Høgskulen i Volda.


Med desse tildelingane på til saman 10,2 mill bidreg vi til å skape ein større samanheng i utdanninga av våre unge. Frå First Lego League for dei mellom 10- 16 år, og til Newtonrom for grunnskuleelevar. KI Trust vil vere svært viktig for Høgskulen i Volda knytt til utvikling av kompetanse innanfor dette feltet.