Publisert 22. november, kl. 21.25
Det er fire bustadar i Kolda som er utan vatn i kveld.
Kommunen vil dele ut posar med drikkevatn til dei råka bustadane i løpet av kvelden.
Reparasjonen startar i morgon tidleg. Før vi kan starte gravearbeidet, må det gjennomførast kabelpåvising. Når gravinga er i gang, tek det normalt om lag fire timar å reparere ei lekkasje som denne. Vi håpar difor å ha vassforsyninga tilbake i løpet av dagen i morgon.
Vi beklagar ulempene dette medfører, og vil halde dei råka bustadanr oppdaterte om framdrifta i morgon.
Publisert 22. november kl. 19.55
Vi har no lokalisert lekkasjen til Kolda. Vi arbeidar med å finne ut nøyaktig kor den er og kor lang tid det vil ta og reparere den.
Bebuarar som er ramma vil få oppdateringar på sms.
Mvh
Volda kommune
Vatn og avløp
Publisert 22. november kl. 19.22
Volda kommune har ei større pågåande vasslekkasje i Raudemyra. Mannskap frå avdeling vatn og avløp arbeider med å lokalisere og stanse lekkasjen så raskt som mogleg.
Lekkasjen kan føre til redusert vassforsyning, mellombels avbrot i vassleveringa eller misfarga (brunt) vatn hos enkelte abonnentar.
Når vatnet kjem tilbake:
Vi ber deg la det kalde vatnet renne til det blir klart igjen.
Nokre abonnentar kan bli utan vatn over lengre tid. Desse vil få nærare informasjon så snart vi har betre oversikt over situasjonen.
Vi beklagar ulempene dette medfører.
Helsing Vatn og avløp, Volda kommune