Strategisk samarbeid mellom Volda og Ørsta

Strategisk samarbeid mellom Volda og Ørsta

 Elisabeth Birkeland Hatlenes og Jørn Andreas Cruickshank - Klikk for stort bilete

Torsdag 5. mai 2022 skal det vere felles samling for kommunestyra i Volda og Ørsta. Høgskulen i Volda er ansvarleg for det faglege innhaldet.

Stadidentitet som grunnlag for samarbeid i Volda og Ørsta

Kva stadidentitet er og korleis stadidentitet kan brukast for å styrke det strategiske samarbeidet mellom Volda og Ørsta, er tema for drøftingar i felles kommunestyremøte 5. mai 2022. 

Kommunane Volda og Ørsta er i gang med prosessar retta mot utvikling av strategisk samarbeid mellom kommunane. Kommunane har inngått avtale om å samarbeide om samfunnsutvikling og tenesteutvikling i møte med felles utfordringar, som til dømes rekruttering av kompetent arbeidskraft og handtering av eldrebølgja.

Ein viktig føresetnad for å lukkast med samarbeid er å skape grunnlag for felles kultur og forståing for heilskapleg og langsiktig samfunnsutvikling i Volda og Ørsta. I denne prosessen bidreg Høgskulen i Volda med fagleg og metodisk tilrettelegging. Gjennom fordjuping i tema og problemstillingar som er grunnleggande for samfunnsutvikling, er målet at politikarar og fagfolk skal utvikle ei felles plattform for samarbeid om samfunnsutvikling.

Stadidentitet er temaet for den andre - av i alt fire felles samlingar- for kommunestyra i Volda og Ørsta. På samlinga den 5. mai, vil Jørn Andreas Cruickshank, professor ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder, innleie om stadidentitet sett frå ulike perspektiv og med døme frå ulike kommunar og regionar. 

Elisabeth Birkeland Hatlenes, fagkoordinator i Nordfjord regionråd, skal formidle erfaringar frå arbeid med stadidentitet som grunnlag for strategisk samarbeid i Nordfjord. Innleiingane vil danne utgangspunkt for diskusjonar og erfaringsdelingar mellom kommunestyremedlemmene og fagfolk i kommunane. Gjennom oppsummeringar og tilbakemeldingar i møtet vil prosjektgruppa frå Høgskulen i Volda utvikle eit kunnskapsgrunnlag for prosessen vidare.

Jørn Andreas Cruickshank, professor ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder - Klikk for stort bileteJørn Andreas Cruickshank, professor ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder, har mellom anna forska på attraktive lokalsamfunn, stadidentitet og planleggingsteori for utkant-Noreg.

 

  

 

 Elisabeth Birkeland Hatlenes, fagkoordinator i Nordfjordrådet,  - Klikk for stort bileteElisabeth Birkeland Hatlenes, fagkoordinator i Nordfjordrådet, har eit sterkt engasjement for samarbeid mellom kommunar som grunnlag for regional samfunnsutvikling.