Styrk Arbeid - ei viktig brikke i pandemiarbeidet

F.v.: Erlend Indrearne, tilsett i Styrk saman med Stian som er deltakar i Styrk - Klikk for stort bileteF.v.: Erlend Indrearne, tilsett i Styrk saman med Stian som er deltakar i StyrkStyrk Arbeid har vore ein viktig aktør i pandemiarbeidet, heilt sidan hausten 2020, då dei sa ja til å bidra. 

For å handtere arbeidet som pandemien krev, er kommunane heilt avhengige av ekstra ressursar. 

Styrk Arbeid har heilt sidan hausten 2020 stilt opp for Volda kommune sine innbyggjarar, slik at kommunen har kunna handtert dei ulike oppgåvene knytt til pandemien. 

Det er Styrk Arbeid som har rigga opp, og ned telt for koronatesting på ulike lokaliseringar. Først på parkeringsplassen ved Hamna, så på stadion. Deretter var dei med på å rigge opp teststasjonen som no held til i Hovdebygda. 

Det er Styrk Arbeid som har bore møblar og utstyr til vaksinelokala. Dei har rigga opp og ned vaksinelokale. Først på Volda samfunnhus og deretter i gamle Voldahallen. 

Dei har stilt opp som dørvakter, der dei har hjelpt dei eldste med å kome seg ut og inn av vaksinelokala. 

Styrk Arbeid har faste runder der dei hentar smitteavfall og får transportert det trygt vekk. 

Mange tenker kanskje ikkje over det som pandemiarbeid, men parkeringsvaktene er også ei svært viktig brikke i dette arbeidet. Utan at Styrk Arbeid hadde stilt opp, også som parkeringsvakter, kunne det fort blitt kaos og vanskeleg for folk å kome seg til vaksinetimen sin. 

Vaksineteamet i Volda har fått mykje skryt for at arbeidet går så straumlineforma og knirkefritt. Utan den blide og kjekke gjengen frå Styrk kunne det fort blitt annleis. 

På torsdag er det ny vaksinedag i Volda, og vi ventar svært mange som kjem for å få koronavaksine. Då vil du treffe dei hjelpsame parkeringsvaktene frå Styrk Arbeid. 

Husk å gje dei eit smil og takk for hjelpa dei gir oss!

 

Reservert rørslehemma

Vi oppmodar om at parkeringsplassen rett framfor hallen får vere reservert til dei som er rørslehemma. Andre kan køyre til Engesetvegen 33 og nytte parkeringsplassen på "Steinrøysa". Vegen er godt skilta.

 

Kva er Styrk Arbeid?

Styrk Arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det leggast til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking og evt. praksisplass.

Styrk har ein del faste arbeidsoppdrag innad i kommunen, i tillegg til enkle oppdrag som måling og snekring, enkelt vedlikehald, flytteoppdrag og lettare skogsarbeid. Arbeidsdagen er kl 10-15 måndag til fredag. (Når Styrk Arbeid sine folk stiller som parkeringvakter etter kl 15, er det som frivillige dugnadsarbeidarar.)

Deltakaren i Styrk er med på dei arbeidsoppdraga som ein til ei kvar tid har. Det er fokus på både å lære nye ting, og gjere ting som ein veit at ein mestrar. Det er viktig å jobbe godt ilag, men også viktig å trivast godt ilag sosialt. Kvar veke gjer deltakarar og tilsette ein kjekk aktivitet ilag, som klatring, bålkos, fisketur, spel eller anna.