Taket er no oppe på symjehallen

Taket er no oppe på symjehallen

Det vart heldt kranselag ved symjehallen onsdag 13. mars. Arbeidarane vart samla for kake og kaffi, i tillegg til ein tale frå ordførar Sølvi Dimmen.

På bilete ser ein to stupetårn og ein tom symjehall under konstruksjon. Taket av trebjelker er oppe no. - Klikk for stort bilete Bente Engeseth

Taket er no på plass på den nye symjehallen som byggjast ved sida Volda Campus Arena. Hallen som skal stå ferdig i år begynte konstruksjon hausten 2022.  

 

Ein lang prosess 

Det har vore ein lang prosess frå å planlegge symjehallen, til å få opp taket på bygget. Arbeidarane har jobba hardt med konstruksjonen, og fekk i denne anledning nokre velfortente stykke marsipankake. 

- Forsyn dykk, og tusen takk, sa ordførar Sølvi Dimmen i talen sin for arbeidarane.  

Ordførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard spiser kake og drikker kaffi saman med arbeiderane ved konstruksjonen av symjebassenget. - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard et kake og drikk kaffi saman med konstruksjonsarbeiderane. Bente Engeseth

 

Kva er kranselag? 

Kranselag er ein tradisjon der byggherren spanderar fest på arbeidarane når bygget har fått tak. I dag kjem festen ofte i form av at sjefen spanderer kaffi og kake på arbeidarane i løpet.