Telemarksforsking skal greie ut framtidig kommunestruktur

Telemarksforsking skal greie ut framtidig kommunestruktur

Ordførarane sit og smilar. - Klikk for stort bilete Bente Engeseth

Ørsta og Volda kommunar har starta arbeidet med å sjå på korleis kommunane kan samarbeide og organisere seg i framtida. 

Telemarkforsking får no oppdraget med å utarbeide kunnskapsgrunnlaget  for den vidare utgreiinga av kommunestruktur.

Volda og Ørsta er samde om å gjennomføre ei heilskapleg og kunnskapsbasert vurdering av alternativ for framtidig organisering, at det er lyst ut konkurranse og at Telemarksforsking no er valt til oppdraget.

Telemarksforsking skal:

  • Utarbeide eit heilskapleg og fagleg fundert kunnskapsgrunnlag 
  • Analysere og vurdere mogleg ny kommunestruktur 
  • Synleggjere konsekvensar, risiko og mogleg gevinstrealisering 
  • Levere eit robust og etterprøvbart beslutningsgrunnlag for politisk handsaming. Samtidig skal utgreiinga leggje til rette for god innbyggarmedverknad.

Utgreiinga

Denne utgreiinga er ikkje eit vedtak om kommunesamanslåing, men skal gi eit breitt og fagleg grunnlag for å vurdere ulike alternativ for framtidig kommunestruktur. 

Utgreiinga skal danne grunnlag for politisk vurdering og vidare prosess i kvar kommune. Arbeidet skal vere framtidsretta og ta høgde for no-situasjon og langsiktige utviklingstrekk innan demografi, økonomi, samfunnsutvikling og kommunale kjerneoppgåver.

Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 30. oktober 2026.