Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid

Marthe Longva Strandbakken,  koordinator tidleg innsats - Klikk for stort bileteMarthe Longva Strandbakken, er tilsett i den nyoppretta stillinga som koordinator tidleg innsats. Privat I sektor oppvekst er det sett i gong og planlagt fleire utviklingsarbeid for å vidareutvikle vår evne og kompetanse til tverrfagleg samhandling. 

I samband med dette er det oppretta ny stilling som koordinator tidleg innsats. Marthe Longva Strandbakken er tilsett i stillinga, og ho vil ha ei nøkkelrolle i å koordinere mykje av utviklingsarbeidet i sektoren og i kommunen

Marthe er fysioterapeut med vidareutdanning i barnefysioterapi samt leiing og kommunikasjon. Marthe har siste åra arbeidd i Eidsvoll og Lillestrøm kommunar, hovudsakleg med barn, unge og samhandling av tenester. Marthe startar i 50 % stilling 1. mai, og vil vere i full stilling frå 1. september.


Barn og unge sine helsetenester

Volda kommune har starta eit utviklingsarbeid saman med Helse Møre og Romsdal. Målet er å utvikle verkty som skal bidra til at fagfolk skal klare å gje barn og unge eit samanhengande hjelpetilbod. Målet er å ferdigstille verkty for dei vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge. Mange av tenestene i Volda kommune vil bli involvert i dette arbeidet.


Betre tverrfagleg innsats

Vidare har Volda kommune innleia eit samarbeid med KORUS kring Betre tverrfagleg innsats. Dette utviklingsarbeidet skal setje kommunen betre i stand til å hjelpe barn, unge og familiar som det er knytt undring eller uro kring. Målgruppa i dette arbeidet er alle i kommunen som arbeider med barn, unge og familiar.


Tidleg Inn

Helsestasjonen har starta opplæringsprogrammet Tidleg inn. Dette utviklingsarbeidet har som mål å gje gravide og småbarnsfamiliar kompetent hjelp på områda rus, psykisk helse og vald.


Spesialundervisning og inkluderande praksis

Alle kommunar skal gjennom Udir sitt kompetanseløft Spesialundervisning og inkluderande praksis innan 2025. Volda kommune har valt å starte dette arbeidet og gjennomføre kartleggingsdelen av kompetanseløftet saman med Ulstein og Ørsta kommunar. Målet med dette arbeidet er mellom anna at alle barn og unge skal oppleve eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.


Psykisk helse i grunnskulen

I tillegg til dette har Volda kommune søkt og fått midlar til kompetanseheving i psykisk helse i grunnskulen. Ein prosjektleiar er tilsett i 20 % stilling for å arbeidet med denne kompetanseutviklinga. Kompetansehevinga har mellom anna som mål å styrke skulen sitt førebyggande arbeid mot psykisk uhelse.

Alle tilsette i sektoren vil møte eitt eller fleire av desse utviklingsarbeida. Utfordringa vår blir å få dei ulike utviklingsarbeida til å henge saman, at dei utfyller kvarandre og at vi tileignar oss meir kompetanse. Her vil Marthe få ei viktig rolle, slik at organisasjonen ikkje opplever arbeidet som fragmentert. Alt arbeidet har som mål å ta oss nærare visjonen: Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer.