Tilbodsopning for totalentreprise Volda symjehall
Løysingsforsalg symjehallMåndag 1. november vart det gjennomført tilbodsopning for totalentreprise Volda symjehall.
Det er levert to tilbod. Val av totalentreprenør skal gjerast etter ei vurdering av tildelingskriteria pris, løysingsforslag og totalentreprenøren sin kompetanse. Prosjektet går no inn i ein fase der tilboda skal evaluerast med påfylgjande val av totalentreprenør.
Løysingsforslaget skal evaluerast av eit eige utval som vurderer korleis prosjekta sin fysiske form og funksjon svarar til dei krav som kommunen har gitt i konkurransegrunnlaget. Utvalet skal arbeide utan påverknad av dei andre tildelingskritera. Med unntak av løysingsforslaga vert derfor andre delar av tilboda unntatt offentlegheit til val av leverandør er gjort. Frist for val av totalentreprenør er sett til 10. desember. Det vert lagt fram sak til politisk behandling i januar 2022.
Volda symjehall
Publisert av Bente Engeseth
Sist endra 10.09.2022 01:08