Tilskot frå spelemiddelordninga til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2026

Tilskot frå spelemiddelordninga til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2026

Mann på sykkelveg langs Hornindalsvegen - Klikk for stort bileteTursti ved Hornindalsvatnet Berit Sandvik Skeide

For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Volda kommune for 2025 må dei einskilde anlegga vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram.

Det kan søkjast om midlar innan anleggskategoriane:
• Ordinære anlegg
• Nærmiljøanlegg
Søkjarar kan vere idrettslag, velforeining, grendalag, aksjeselskap, stiftingar, kommune m.fl.
Meir informasjon om spelemiddelordninga finn du her:
https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/tilskot-stipend-og-utmerkingar/spelemidlar/
og 
Anleggsregisteret.no
Handlingsprogrammet skal rullerast hausten 2025, og vert lagt fram for kommunestyret i november 2025. Frist for å melde inn nye prosjekt er sett til 15. august 2025.
Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller postmottak@volda.kommune.no