Tilskot frå spelemiddelordninga til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2027

Tilskot frå spelemiddelordninga til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2027

Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2027 skal rullerast hausten 2026.

På sykkeltur langs Hornindalsvatnet - Klikk for stort bilete Berit Sandvik Skeide

Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2027 skal rullerast hausten 2026. 

Volda kommune inviterer med dette idrettslag, velforeining, grendalag, aksjeselskap, stiftingar, kommune m. fl. til å kome med innspel til programmet. 

For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Volda kommune for 2027 må dei einskilde anlegga vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram.

 

Det kan søkjast om midlar innan anleggskategoriane: 

  • Ordinære anlegg 
  • Nærmiljøanlegg 


Frist for å melde inn nye prosjekt er sett til 3. august 2026. 

Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller postmottak@volda.kommune.no

 

Meir informasjon om spelemiddelordninga finn du her: 

Spelemidlar - Volda kommune og 

Anleggsregisteret.no

 

Send innspel