For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Volda kommune for 2025 må dei einskilde anlegga vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram.
Berit Sandvik Skeide
Det kan søkjast om midlar innan anleggskategoriane:
- Ordinære anlegg
- Nærmiljøanlegg
Søkjarar kan vere idrettslag, velforeiningar, grendalag, aksjeselskap, stiftingar, kommunar m. fl.
Meir informasjon om spelemiddelordninga finn du her: https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-og-fritid/spelemidlar/ og www.anleggsregisteret.no
Handlingsprogrammet skal rullerast hausten 2024, og vert lagt fram for kommunestyret i desember 2024. Frist for å melde inn nye prosjekt er sett til 4. oktober 2024.
Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller postmottak@volda.kommune.no.