To erfarne brannmenn takkar av

To erfarne brannmenn takkar av

Malvin Kile (t.v.) og Bjørn Reite mottok velfortent heider frå brannvernet.To av dei mest erfarne brannmennene vart takka av på brannmannskapet si årssamling etter lang og tru teneste i brannvernet.

Malvin Kile og Bjørn Reite vart takka av på brannmannskapet i Volda si årssamling. Malvin har vore brannmann i 25 år, medan Bjørn har heile 42 år bak seg som brannmann.

Begge to har vore befal i brannvernet, og har lagt ned mykje av si eiga fritid for å kunne passe på innbyggarane i Volda, i tillegg til sine faste jobbar i kommunen.

Dersom ein reknar litt på det, betyr det at Malvin med sine 25 år bak seg, har gått brannvakter i 6,2 år. Bjørn med sine 42 år i ryggen har gått brannvakter i 9,6 år.

I tillegg til dette har dei også brukt tid på uttrykkingar, øvingar og kursing på brannskulen.

Til tross for dei mange utfordringane dei har støytt på som brannmenn opp i gjennom åra, er begge to heilt samde om at tida i brannvernet har vore svært givande.

Volda brann og redning takkar for innsatsen og ynskjer dei to lukke til som pensjonistar.