Tørn-arbeidet i Volda kommune

Tørn-arbeidet i Volda kommune

 Korleis skal vi organisere framtidas helse- og omsorgstenester? 

Tørnsamling 5 på Uppheim 7. mai 2026 - Klikk for stort bilete Volda kommune

Samling 5 i Tørn-satsinga

Torsdag 7. mai 2026 gjennomførte STIM-gruppene i helse og omsorg samling 5 i Tørn-satsinga. Tema for samlinga var reorganisering av oppgåver, kompetanse og bemanning, med mål om å utvikle meir berekraftige tenester og betre bemanningsplanar for framtida.

Gjennom refleksjonar, gruppearbeid og bemanningsanalysar arbeidde gruppene med korleis oppgåver kan organiserast på nye måtar, korleis kompetansen kan brukast meir målretta, og korleis ein kan skape meir robuste turnusar og betre kontinuitet i tenestene.

Frå oppgåver til funksjon

Eit viktig bodskap på samlinga var at ein ikkje berre må sjå på kva oppgåver som skal gjerast, men også kva funksjon medarbeidarane har rundt brukarane.

God kvalitet handlar ikkje berre om å få utført oppgåvene, men også om observasjon, faglege vurderingar, samarbeid og tryggleik i kvardagen til brukarane. Arbeidet byggjer derfor på kartleggingar og analysearbeid frå tidlegare fasar i Tørn.

Kvifor arbeider vi med Tørn?

Volda kommune deltek i Tørn for å bruke kompetansen betre og utvikle helse- og omsorgstenester som er robuste og berekraftige over tid.

Målet er at rett person skal gjere rett oppgåve til rett tid – til beste for både innbyggarar og medarbeidarar. Arbeidet handlar også om å utvikle meir tenestestyrt bemanning og innføre årsturnus innan utgangen av året.

Bemanningsplan handlar om meir enn turnus

På samlinga vart det understreka at ein bemanningsplan er meir enn ein turnus. Bemanningsplanen skal sikre at tenestene har riktig kompetanse tilgjengeleg når behovet er der, samtidig som ein legg til rette for god kontinuitet, forsvarleg drift og betre balanse mellom oppgåver og ressursar.

Arbeidsgruppene skal no arbeide vidare med korleis oppgåver kan fordelast annleis, korleis ulike faggrupper kan samarbeide betre, og korleis velferdsteknologi kan støtte tenestene. Samtidig skal ein arbeide vidare med ressursbruk, kompetansedekning, planlegging av fråvær og meir berekraftige arbeidstidsordningar.

Viktig med samarbeid og involvering

Samlinga løfta også fram kor viktig samarbeid og involvering er for å lukkast med endringsarbeid. Leiarar, tillitsvalde, verneombod og medarbeidarar må samarbeide for å finne gode løysingar, og open dialog og tydeleg kommunikasjon blir trekt fram som avgjerande for å lykkast.

Aktivitetskart som viser kvar vi er no frå tørnsamling 5 på Uppheim 7. mai 2026 - Klikk for stort bilete Tørn

Vidare arbeid

Arbeidet med Tørn er ein del av det langsiktige utviklingsarbeidet i helse og omsorg i Volda kommune. Målet er å utvikle tenester som er fagleg gode, berekraftige og trygge – både for innbyggarar og medarbeidarar.

Kva er Tørn?

Tørn er eit nasjonalt program som skal prøve ut nye arbeids- og organisasjonsformer i helse- og omsorgstenestene. Programmet blir finansiert over statsbudsjettet frå år til år.

Du kan lese meir om Tørn på KS sine heimesider.