Lerkane i Volda sentrum er ein av vegane som skal få trafikktryggingstiltak.
Volda kommune
I samband med vedteken plan for trafikktrygging skal kommunen etablere fartshumpar på nokre kommunale vegar.
I tillegg vert det skilta for redusert fartsgrense og parkeringsforbod på nokre vegar.
Arbeidet går føre seg måndag 3 og tysdag 4 november og vil medføre noko redusert framkome på dei aktuelle vegane desse 2 dagane.
Vegane det gjeld er:
Lerkane, Industrigata, Morkavegen, Lønnevegen, Kleppevegen, Porsemyrvegen, Bjørnevegen og Seljebakken.
Kommunen ber alle køyrande om å vise omsyn til arbeidet som går føre seg og ser fram til betre trafikktryggleik på vegane.