Trafikkutfordringar Voldatunellen skal løyse
Frå film produsert av Oclin AS
Volda kommune har fått laga ein film som viser trafikkutfordringar Voldatunellen skal løyse på E39 Volda-Furene.
Vi ventar spent på framlegg til ny Nasjonal transportplan (NTP 2022-2033) som regjeringa skal legge fram 19.mars. Vi har forventing om at Voldatunellen skal ha prioritet som ny trasè for E39 Volda-Furene.
Den eksisterande E39 gjennom Volda sentrum har mange flaskehalsar. Mjuke trafikkantar har dårlege vilkår i Volda sentrum, ferjene skaper køsituasjonar og kork. Krysset ved Industrigata hindrar kollektivtrafikken og trailerar treng begge køyrebanene for å kome rundt svingen. Ikkje minst har vi ei beredskapsmessig utfordring ved at utrykningskøyretøy vert hindra når liv står på spel.
Denne videoen viser trafikkutfordringane som Voldatunnelen skal løyse.
Videoen er produsert av Oclin AS for Volda kommune.
Publisert 16.03.2021 15:01
Sist endra 15.07.2022 13:13