– Tre oljefond skaffar ikkje fleire tilsette. Vi må endre oss

– Tre oljefond skaffar ikkje fleire tilsette. Vi må endre oss

Per Kloster står framme ved tavla og held kurs for tilsette som sit ved bord i rommet.  - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Per Kloster har halde kurs for tilsette i helsetenestene i Ulstein, Ørsta og Volda.

– Det er ikkje pengar det handlar om. Vi må endre kulturen og måten vi jobbar på, skal vi ha gode helsetenester i framtida.

Tydeleg beskjed frå danske Per Kloster frå Agenda Kaupang då han kursa kommunalt tilsette i helsesektoren i Ulstein, Ørsta og Volda denne veka.

– Eg er ikkje her for å fortelle kva norske kommunar skal gjere, men eg tilbyr vitskap og reiskap som kan vere nyttige for å klare å møte utfordringane som ligg framfor oss, seier Kloster.

For trenden er tydeleg: Vi vert fleire eldre innbyggarar og færre tilsette i helsesektoren, samstundes som stadig nye oppgåver vert lagt til kommunane. 

– Tre oljefond skaffar ikkje fleire tilsette. Vi må endre oss. Til forskjell frå Noreg, har vi ikkje pengar i Danmark. Der har vi klart å snu oss, men vi hadde same kulturen som her for ei tid tilbake. Det eg kjem med frå Danmark er moglegheita innbyggarane har til å klare seg sjølv utan å få hjelp. I eit etisk perspektiv er dette ein grunnleggande verdi, og eg synest dette er meir rotfesta i saksbehandlingspraksis i Danmark enn i Noreg. 

Her saman med kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein, Marit Botnen. - Klikk for stort bileteHer står Per Kloster saman med kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein, Marit Botnen. Janne-Marit Myklebust

Respekt 

Kommunalsjef helse og omsorg i Ulstein, Marit Botnen, er full av lovord om kurset.

– Han trefte noko med meg som eg har stått for i heile mi karriere, som eg føler at eg har fått stadfesta no. Dette er måten å ha stor respekt for innbyggarane våre på, seier Marit.

 – Det er nemleg ikkje slik at det er helsepersonellet som alltid veit best og kan mest. Vi må utfordre innbyggarane også, altså ein innbyggar som kan ha behov for helsetenester. Du får ei heilt anna involvering og brukarmedverknad når du tek utgangspunkt i ressursane brukaren har.

Felles ansvar

Ressursorientert saksbehandling, kallar Per Kloster det. 

Det handlar om å ikkje gi frå seg alt innhaldet i ryggsekken så snart ein innbyggar ber om noko.

– Fokuset må vere på kva innbyggarane ber om og kva dei treng, og ikkje servere heile pakken med ein gong. Dei aller, aller fleste ønsker jo å bu heime og klare seg sjølv. 

Kloster held fram at dette er eit felles ansvar for leiarar, tilsette, innbyggarar og politikarar.

– Det er fire partar som må sitte saman og sette dagsorden. Det er i saksbehandlinga det skjer.  Ressursorientert saksbehandling handlar om dette; å hente ut ressursane i relasjonane mellom dei fire partane. Det første vi må gjere då er å etablere relasjonane.

 

Artikkeltekst og bilete: Janne-Marit Myklebust, Ulstein kommune