Trygg skulestart for alle elevar

Trygg skulestart for alle elevar

Når hausten kjem, er det ikkje berre nye skulebøker og venar som ventar på elevane – også skulevegen spelar ei viktig rolle. 

For mange barn er skulevegen den første store sjølvstendige utfordringa dei møter i kvardagen, og det er vårt felles ansvar å sørge for at denne vegen er trygg.

Volda kommune har gjort ei rekke tiltak for å sikre at barna våre kjem trygt fram til skulen. Blant dei viktigaste tiltaka er remerkering av gangfelt, oppgradering av skilt, samt oppgradering/forsterking av fleire veglys som er i tilknyting til fotgjengarfelt. Med betre lys og tydeleg markerte gangfelt blir det enklare for både sjåførar og fotgjengarar å orientere seg, sjølv på mørke haustmorgonar. I tillegg er det sett opp nye busskur fleire stader for å oppmode til auka bruk av kollektivtransport, noko som kan bidra til å redusere trafikken rundt skulane.

Vidare har kommunen sett ned fartsgrensa på fleire vegar. Lågare fart gjev bilførarane betre tid til å oppdage og reagere på born som kryssar vegen, noko som kan redde liv.

Eit anna viktig tiltak kommunen har gjennomført, er etableringa av eigne soner/felt for levering og henting av born ved skulane. Desse felta er laga for å sikre at born kan gå trygt ut og inn av bilane utan å måtte krysse farlege vegstrekningar. Vi oppmodar sterkt om at alle foreldre som må køyre borna til skulen, nyttar desse tilrettelagde områda, slik at vi kan unngå trafikkork og farlege situasjonar på skuleområdet. Ved å bruke desse felta, bidreg du til å oppretthalde ein trygg og effektiv trafikkflyt rundt skulane.

Men sjølv om kommunen gjer sitt for å betre tryggleiken, må vi alle bidra. Her er nokre enkle, men viktige, tiltak vi som enkeltpersonar kan gjere for å sikre trygge skulevegar:

  • Rydding av vegetasjon: Om du har hekkar eller buskar som veks mot vegkryss, er det viktig å sørge for at desse ikkje hindrar sikten. Barna må kunne sjå om ein bil nærmar seg, og sjåførane må kunne oppdage barna i god tid (nærare informasjon får du på vegvesenet sin nettsider: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/vegetasjonsrydding/)
  • Hald fartsgrensene: Fartsgrensene er sett ned av ein god grunn. Ved å halde farten nede, får du lettare oversikt der du ferdast, kan reagere betre og du reduserer risikoen for ulykker og bidreg til at barna kan gå trygt til skulen.
  • Vær merksam: Når du køyrer i nærleiken av skular eller busshaldeplassar, er det viktig å vere ekstra merksam. Barn kan ofte vere impulsive, og det er ikkje alltid dei følgjer trafikkreglane slik vaksne gjer. Ver derfor førebudd på at dei kan dukke opp på uventa stader.

 

Skulestart er ei tid for spenning og nye opplevingar, men det er også ei tid for å minne kvarandre på det felles ansvaret vi har for tryggleiken til dei yngste i samfunnet.

Alle 5-6 åringane er sårbare og dei fleste kan ikkje trafikkreglane. Vi vaksne må innrette oss for at desse skal få ein trygg og god skuleveg.

Vi kan alle vere med på å skape ein trygg skuleveg for barna våre. Samarbeid er nøkkelen, og saman kan vi sørge for at alle kjem trygt fram – kvar dag. 

Asfaltert veg med gangfelt og gatelys.  - Klikk for stort bileteForsterka belysning i Kårstadvegen. Volda kommune Asfaltert felt for dei som skal levere og hente barn på skulen. - Klikk for stort bileteDroppsone ved Bratteberg skule. Volda kommune Nytt busskur ved Fjordsyn. Volda kommune

 

Du finn meir informasjon om klipping av hekkar og busker på nettsidene til statens vegvesen.

Illustrasjon som viser kor høg hekken kan vere i kryss - Klikk for stort bilete vegvesen.no Illustrasjon som viser kva høgd på hekk og gjerde ein kan ha ut frå fartsgrensa på vegen. - Klikk for stort bilete vegvesen.no