Heltnevegen - Uravegen
Helge Berstad
Volda kommune arbeider kontinuerleg for å sikre reint, trygt og stabilt drikkevatn til innbyggjarane. Som ein del av dette arbeidet skal det bli ført opp eit bygg for teknisk infrastruktur knytt til vassforsyninga.
Bygget vil bidra til betre drift, høgare tryggleik og meir robust vassforsyning – både i kvardagen og ved ekstra belastning eller uventa hendingar.
Kvar skjer arbeidet?
Arbeidet går føre seg i og rundt krysset Uravegen–Heltnevegen. Situasjonsplanen under viser plassering av bygget og korleis det forheld seg til veg, kryss og nærområde.
Situasjonskart Uravegen–Heltnevegen
Helge Berstad
Teknisk bygg
Det skal bli ført opp eit funksjonelt bygg med enkel og nøktern utforming, tilpassa terrenget rundt. Skissene viser bygget sett frå ulike himmelretningar, og gjev eit godt bilete av høgde, form og plassering i landskapet.
Fasadeteikningar – nordvest, nordaust, sørvest og søraust
Helge Berstad
Trafikk og tryggleik i anleggsperioden
Det vil vere anleggstrafikk i området medan arbeidet pågår. For å ta vare på tryggleiken til både skuleborn, trafikkantar og arbeidarar er det utarbeidd ein godkjend skiltplan med tydeleg og oversiktleg skilting. Mellombels stenging kan vere nødvendig for å gjennomføre arbeidet på ein trygg og effektiv måte.
Når skilt for stengd veg er sett opp, betyr det at vegen er stengd for all ordinær trafikk. Då skal skilta omkøyringsrute følgjast. Skiltinga er på plass for å sikre god framdrift i arbeidet og for å unngå farlege situasjonar.
Viktig informasjon
- Arbeidet kan medføre mellombels stenging av veg i periodar
- Skilting viser alternative køyretraséar
- Vi ber alle om å følgje skiltinga og vise omsyn
Vi beklagar eventuelle ulemper dette kan medføre, og takkar for tolmod og forståing medan vi jobbar for ei betre og tryggare vassforsyning for heile Volda.
Prosjektleiar i Volda kommune er Helge Berstad