Tusen takk til testpersonellet

Tusen takk til testpersonellet

Teststasjonen i Hovdebygda vert avvikla fredag 8.april, og det vart torsdag 7. april halde ei markering for å takke personellet som har stått på gjennom heile pandemien. 

Til stades på markeringa var frå venstre: Karen Lid, Aud Fagervoll, Camilla Follestad, Britt Juvkam, Cesilie Smehus Lind, Erika Lid Myklebust, Bent Ingebrigtsen, Linda Nedrelid Vatne og Lisbet Hoggen Totland. Erlend Bae  

Pandemien er over i ein annan fase, og det er ikkje lenger trong for å ha teststasjonen i Hovdebygda. Inn- og utlevering av testar blir framover på Samfunnshuset, og smittesporinga vil bli utført ved legevakta i Hovdebygda.

 

Personellet ved teststasjonen har gjennom heile pandemien gjort ein formidabel innsats. Dei har stått på seint og tidleg, tilpassa seg til stadig skiftande regler og pandemibølger og har vore til uvurderleg hjelp i handteringa av pandemien. Etter at samarbeidet mellom Ørsta og Volda om teststasjon vart avslutta desember -21 har legevaktsjukepleiar Linda Nedrelid Vatne vore ansvarleg for teststasjonen saman med fungerande kommunelege Bent Ingebrigtsen. Dei er glade for at test- og smittesporingsaktiviteten no er sterkt redusert. Pandemien har gjeve oss mykje lærdom. Ikkje minst har vi sett kor mykje kommunen er i stand til å løyse av utfordrande og komplekse oppgåver når vi har så engasjerte og kompetente medarbeidarar som vi har i Volda kommune, seier Bent Ingebritgtsen.

 

Volda kommune vil rette ein stor takk til alt personell som har bidrege til arbeidet med teststasjon og smittesporing gjennom pandemien.