Ulovleg avfallsbrenning og informasjon om bygderyddingsaksjonen

Ulovleg avfallsbrenning og informasjon om bygderyddingsaksjonen

Avfallsbrenning er etter forureiningslova ulovleg, og slike saker ynskjer kommunen som forureiningsmynde å følgje opp.

Volda kommune vil minne om at det ikkje er lov å brenne avfall, og oppmodar innbyggjarar om å nytte seg av ordningane VØR tilbyr, og å rydde opp bålrestar der det er naudsynt. 

Ulovleg avfallsbrenning kan medføre forureining både til lufta og til grunnen. Ved mistanke om grunnforureining kan grunneigar få ansvar for opprydding, og å ta kostnadane knytt til det.

Reglar for bål- og avfallsbrenning

Det generelle bålforbodet gjeld mellom 15. april og 15. september. Mindre tur- / kaffibål kan fyrast opp utan å søkje om løyve dersom der openbart ikkje er fare for brann. Husk at det alltid er den som tenner opp elden som er ansvarleg for brenninga. Sjå meir informasjon om forbodet mot bålbrenning her.

Det er berre lovleg å brenne reint og tørt treverk, og mindre mengder tørt hageavfall. Ein må likevel ta omsyn til naboar og andre som kan oppleve røyk og lukt som sjenerande og irriterande på slimhinner i auger og luftvegar.

Avfall

All brenning av avfall er forbode etter forureiningslova. Med avfall meiner ein til dømes hushaldningsavfall, bygningsavfall, vått hageavfall og produksjonsavfall. Impregnerte eller behandla trevirke, dekk, plast, isolasjon, tekstilar, møblar og madrassar m.m. inneheld skadelege stoff som kan føre til alvorlege konsekvensar for både helse om miljø om dei vert brent.

Bygderyddingsaksjonen våren 2023

Det ligg mykje avfall rundt om i natur- og kulturlandskapet, og feil handtering av avfall er kjelde til fleire miljøutfordringar. Det er difor viktig at avfallet blir handtert rett.

I Volda kommune har mange innbyggjarar lang reiseveg til miljøstasjonen. For å gjere oppryddingsarbeidet enklare og rimelegare har VØR og Retura utvikla gunstige ordningar for levering av avfall og skrot for dei som må reise langt for å frakte det vekk sjølv.

Under "Bygderyddinga" kan ein kvar vår levere metall og farleg avfall gratis i konteinarar som vert plasserte på bygdene og tømte etter behov.

I tillegg har ein eit bestillingstilbod der ein kan få grovavfall og andre fraksjonar henta gratis. Du som forbrukar betalar berre kilopris tilsvarande det ein betalar når ein sjølv leverer avfallet på miljøstasjonen.

 

Datoar for "bygderydding" våren 2023
Område Tidsrom
Lauvstad og Velsvik 05.04.2023 – 12.04.2023
Steinsvik, Dravlaus og Innselset 12.04.2023 – 19.04.2023
Folkestad og Dalsbygd 19.04.2023 – 26.04.2023
Bjørkedal og Kilsfjord 26.04.2023 – 03.05.2023
Austefjord og Høydalen 03.05.2023 – 10.05.2023
Kalvatn og Bjørke 10.05.2023 – 16.05.2023
Hjartåbygda 16.05.2023 – 24.05.2023
Lid 02.05.2023 - 09.05.2023
Mork 16.05.2023 – 24.05.2023
Hornindal 24.05.2023 – 31.05.2023
Vikebygda 24.05.2023 – 31.05.2023

Informasjonsbrosjyren om bygderydding finn du her. (PDF, 2 MB)