No skal altså borna dokka begynne på ungdomskulen til hausten og skal starte på ei heilt ny epoke i livet. Hjerna er i full utvikling og følelse og belønning systemet er veldig aktivert og mottakeleg for belønning.
Samtidig så er evna til å vurdere situasjonar, konsekvensetenking og det å styre impulsar noko svekka under denne utviklinga og modninga av hjerna.
Denne modningsprosessen vil vare fram til midten av 20 åra. Sidan hjerna er så mottakeleg og følsam for belønning vil ungdommen dokka vere ekstra søkande mot belønnande stimuli. Som kan vere sosial aksept, tilhørigheit, sosiale mediar, fysisk aktivitet og nye erfaringer som for eksempel rus.
Vi foreldre kan hjelpe ungane våra igjennom dette ved å vise forståelse, vere tolmodige og tilgjengelege. Samt hjelpe dei med å regulere følelsar og tenke konsekvensar.
Ditta her er ikkje tida for at vi foreldre kan lene oss tilbake, men heller vere litt ekstra på.
Vi må vise interesse for ungdommen vår, deira nye vennskap, forsøke å ha oversikt over kvar ungdommen din er og tilby gjerne å kjøre og hente.
Vi kan vise forståelse, samtidig som grensesetting framleis er viktig og nødvendig.
Vi i Ungteam har dreve oppsøkande arbeid nokkre kveldar og møtt på barn ned til 8 klassingar som har vore fulle. Vi ser også at nokre ungdomar bruker vape.
Dei henge gjerne utanfor Cirkel K, paviljongen, spinneriet og i parkeringskjellaren der. Det vi ikkje har sett og savna er foreldre som tek seg ein tur innom. I Volda har vi heller ikkje natteramn, så det er mangel på trygge voksen personar for ungdommane ute.
Om ungdommen dokka for eksempel skal overnatte med ein venn, så er det fortsatt lurt å ha kontakt med foreldra til denne vennen for å høre at det stemmer og vere einge om innetid.
I år vart det gjennomført ungdata undersøkelse og i den svarte 3 av 5 elevar på ungdomskulen i Volda at dersom dei vart tilbydd alkohol så svarte dei heller ja enn å sei nei.
Det viser at det kan vere forebyggande at vi foreldre snakka med ungdomen vår heime om alkohol, vape og andre rusmidler, slik at dei lettare er i stand til å seie nei og stå i valget.
Det var også elevar på Volda ungdomsskule som svarte at dei var usikre på om dei fekk lov av foreldra å drikke alkohol eller ikkje. Så det viser også at det er viktig at vi foreldre og ungdomen er samsnakka om kva som er greitt og ikkje, Og at vi set tydelege grenser.
Dersom ungdomen vår likevel har gjort noko hen ikkje har lov til er det viktig at hen veit og tørr og ringe heim for å få hjelp med dokke foreldra.
Da kan eg seie litt meir om ungteam sånn dokke veit kva vi kan tilby og kva tid vi kan kontaktast. Ungteam ligg under tenesta for Rus og psykisk helse i kommuna. Vi har kontor på omsorgssenteret og jobbar i hovudsak i frå kl 08:00-16:00 på kvardaga.
Vi har god kompetanse på både rus og psykisk helse. Cecilie er utdanna barnevernspedagog og har vidareutdanning i rus og helsefag. Eg er psykiatrisk sjukepleier og har vidareutdanning i rus.
Vi i ungteam tilbyr individuell oppfølging til barn og unge i alder 12-25 år. Og vi tek utgangspunktet i ungdommen sine eigne ønsker og mål. Oppfølginga kan bestå av samtalar på kontoret, eller heime med ungdommen, bilturar og evt. andre aktivitetar som ungdommen likar. Vi veit at det er mange ungdommar som synast det er vanskelig å ta kontakt, spesielt når dei ikkje har det så bra. Det er også ein av grunnane til at vi driv oppsøkande arbeid, blant anna på kveldstid for å få treffe på ungdommane ute på ein meir naturlig og ufarleg måte. Vi har også vore innom skulen her litt på dagtid for at ungdommane skal bli kjent med oss. På den måten håpar vi at terskelen for å ta kontakt med oss om dei treng hjelp vil vere lågare.
Andre instansar som kan henvise til oss er for eksempel fastlegen, helsesjukepleier eller BUP. Dokke foreldre kan ta kontakt med oss om dokke har spørsmål, er bekymra for ungdommen dokka eller andre, så finn vi vegen vidare i lag. Vi samarbeidar også med andre instansar og tjenester når det er ønskeleg eller hensiktsmessig.
Dokke ser kontaktinformasjonen vår bak her og dokke kan finne oss på heimesida til Volda kommune. Vi er ikkje på sosiale medier endå, men kjem til å bli det etter kvart. Cecilie og eg blir att her etter møtet om nokon vil snakke med oss. Då trur eg at eg har fått med det meste, takk for at vi fekk kome og lykke til.
Ungteam på foreldremøte med dei nye 8.klasse foreldre
Cecilie Åmås