Arbeidet med nye vass- og avløpsleidningar, utviding av fortau og oppgradering av infrastrukturen i Uravegen og Raudemyrvegen går framover. Prosjektet nærmar seg no sluttfasen, men før asfaltering står det att fleire viktige arbeid som vil påverke trafikken i området. Komande veker må trafikantar rekne med lysregulering og redusert framkome gjennom anleggsområdet.
Arbeidet i Uravegen går inn i sluttfasen. Komande veke vert det gjennomført nedsetjing av kummar og etablering av brannhydrant. Deretter skal det settast kantstein før området kan klargjerast for asfaltering.
Helge Berstad
Arbeidet går framover
Arbeidet i Uravegen og Raudemyrvegen er eit omfattande prosjekt som skal gi både betre teknisk infrastruktur og tryggare ferdselsforhold for innbyggjarane i området. Prosjektet omfattar utskifting av vatn- og avløpsleidningar, utbetring av vegareal og fleire viktige trafikktryggingstiltak.
Sjølv om mykje arbeid no er gjennomført, står det framleis att fleire krevjande operasjonar før området kan klargjerast for asfaltering.
Trafikksituasjonen vert meir utfordrande komande veke
I løpet av komande veke skal det setjast ned kummar og gjennomførast kryssing av vegen for etablering av brannhydrant. Dette krev arbeid i og på tvers av køyrebanen, og framkomelegheita gjennom anleggsområdet vil difor bli meir utfordrande enn ho har vore den siste tida.
For å sikre trygg ferdsel for både trafikantar og anleggsarbeidarar vert det innført lysregulering gjennom arbeidsområdet. Trafikantar må rekne med ventetid og redusert kapasitet medan arbeidet pågår.
Raudemyrvegen er den einaste inn- og utkøyringa til eit stort bustadområde. Dette gjer prosjektet ekstra krevjande å gjennomføre, då trafikken må haldast i gang samstundes som omfattande grunnarbeid vert utført.
Betre løysingar for mjuke trafikantar
Som ein del av prosjektet vert fortauet i nedre del av Raudemyrvegen utvida med om lag ein meter og ført vidare inn i Uravegen fram til brua over Heltneelva.
Målet er å skape eit tryggare og meir samanhengande tilbod for gåande og syklande enn det som har vore tilgjengeleg tidlegare.
I anleggsperioden må gåande og syklande nytte alternative ruter. I nedre del av Uravegen mot Bratteberg skule er det etablert eiga passasje for mjuke trafikantar.
For dei som kjem frå Raudemyrvegen, går tilrådd rute via Steingardsvegen eller ned til Heltnevegen, der ein kan krysse ved enden av vegen før ein held fram mot Uravegen. For å gjere kryssinga tryggare, vert det sett opp tre nye lysmaster i krysset mellom Heltnevegen og Uravegen.
Sjå kartskissa under for oversikt over tilrådde gang- og sykkelruter gjennom anleggsperioden.
Kartskissa viser mellombelse gang- og sykkelruter for mjuke trafikantar medan arbeidet pågår i Uravegen og Raudemyrvegen.
Kartskisse
Neste steg før ferdigstilling
Når arbeidet med kummar, brannhydrant og annan teknisk infrastruktur er ferdigstilt, står etablering av kantstein langs fortaua for tur. Dette er eit viktig steg før veg- og fortausareala kan klargjerast for asfaltering.
Målet er å få asfaltert alle areal i prosjektområdet før jul.
Takk for tolmodet
Anleggsarbeid av denne typen medfører uunngåeleg ulemper for dei som bur og ferdast i området. Volda kommune ønskjer difor å rette ein stor takk til innbyggjarane for forståinga og tolmodet som er vist gjennom anleggsperioden.
Vi er fullt klar over at arbeidet har vore krevjande for mange. Samstundes er dette investeringar som vil gi betre framkome, auka trafikktryggleik og eit vesentleg betre tilbod for gåande og syklande. Vi er svært takksame for den forståinga innbyggjarane har vist gjennom heile prosjektperioden, seier prosjektleiar Helge Berstad.
Volda kommune beklagar på det sterkaste dei ulempene anleggsarbeidet har medført, og ser fram til å kunne ferdigstille eit anlegg som vil kome både dagens og framtidige brukarar til gode.