Urbakkfoten
Aurstad Tunnel AS er ferdig med arbeidet i Øvrevegen, Engesetgeila og Urbakkfoten. Det er bygd ut infrastruktur for bustadtomter i Urbakkfoten, samleveg mellom Urbakkfoten og Håmyra, samt leidningsutskifting i Øvrevegen.
Volda kommune tek over samla anlegg i løpet av veke 50, og vil takke dykk som har budd tett på maskiner og støy over lang tid for tolmodet og godt samarbeid.
Under følgjer litt meir informasjon om både samlevegen og bustadfeltet.
Samlevegen
Det er bygd ny veg med fortau frå krysset mellom Kleppevegen og Engesetgeila til Håmyra. Vegen skal etter kvart bli ein samleveg mellom bustadfelta i Håmyra og Urbakkfoten, men dessverre kan det ikkje opnast for gjennomgangstrafikk enno.
Årsaka er at kommunen må gjennomføre eit rekkjefølgjekrav i områdereguleringsplanen for Urbakkfoten som seier at delar av Kleppevegen fryst må oppgraderast til samlevegstandard med fortau. Dette gjeld Kleppevegen frå krysset med Engsetgeila ned til krysset med Engesetvegen:
Illustrasjon
Bakgrunnen for rekkjefølgjekravet er at det aktuelle strekket i Kleppevegen ikkje er dimensjonert for den auka trafikkmengda gjennomgangstrafikken vil føre til. Dette gjeld både med omsyn til trafikktryggleik, vegstandard og breidde.
Årsaka til at kommunen har vald å utarbeide bustadfeltet i Urbakkfoten før oppgraderinga av Kleppevegen, er at kommunen har prioritert behovet for nye bustadtomter i sentrumsområdet. På grunn av den økonomiske situasjonen til kommunen er det uvisst når prosjektet om oppgradering av Kleppevegen kan gjennomførast.
På bakgrunn av dette må kommunen stenge for trafikk mellom den nye vegen og Håmyra fram til Kleppevegen er oppgradert.
Bustadfeltet Urbakkfoten
Det er bygd ein veg frå den nye samlevegen som går på tvers av bustadfeltet i Urbakkfoten som skal vere tilkomstveg til tomtene, og det opparbeida nødvendig infrastruktur for tilkopling til blant anna vatn, avløp og straum.
Før tomtene kan leggjast ut for sal er det fleire ting som må på plass.
For det fyrste må kommunen måle inn og dele opp arealet. I samband med dette har kommunen hatt utfordringar med å avklare alle grenser og eigartilhøve i nedre del av feltet, ned mot «gamle Engesetgeila», og har difor bedt Jordskifteretten om hjelp.
For det andre jobbar kommunen med ei omregulering av reguleringsplanen for å blant anna sikre området for ras/skred og sikre god oppdeling av tomtene i feltet.
Når grensene og eigartilhøva er avklart og omreguleringa vedtatt vil kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og leggje ut tomtene for sal. Det er dessverre vanskeleg å seie presist kva tid dette blir, men det vert jobba med å få det klart så fort som råd. Meir informasjon vert lagt på heimesida og i sosiale medium etter kvart.
Spørsmål om prosjektet og arbeidet som er gjort kan rettast til prosjektleiar Kjetil Årøen via kjetil.aroen@volda.kommune.no.
Spørsmål om bustadfeltet og tomtene kan rettast til juridisk leiar Andreas Kiperberg via andreas.kiperberg@volda.kommune.no.