Utdeling av Miljøfyrtårn-diplom

Utdeling av Miljøfyrtårn-diplom

Onsdag 1. november var Miljøfyrtårnkoordinator Elise Sandvik Meland, frå Volda kommune, og varaordførar Sverre Leivdal på bedriftsbesøk for å dele ut Miljøfyrtårn-diplom.

Denne gangen var det Nordvest Elektro AS som skulle få tildelt diplomet som syner at dei er ei sertifisert Miljøfyrtårn bedrift. 

Overrekking av Miljøfyrtårn-diplom til Nordvest elektro - Klikk for stort bileteVaraordførar Sverre Leivdal overrekker Miljøfyrtårn-diplomet til dagleg leiar, Andreas Stamnes i Nordvest elektro. Volda kommune

 

8. september var det Per Mulvik AS som vart tildelt Miljøfyrtårn-diplom av ordførar Sølvi Dimmen.  - Klikk for stort bilete8. september i år var det Per Mulvik AS som vart tildelt Miljøfyrtårn-diplom av ordførar Sølvi Dimmen. Volda kommune

 

Tidlegare i år var det Per Mulvik AS som vart tildelt Miljøfyrtårn-diplom av ordførar Sølvi Dimmen., etter at dei var blitt sertifisert som Miljøfyrtårn bedrift. 

Vi er stolte av å ha bedrifter i Volda som gjer ein så stor innsats for miljøet og den grøne omstillinga.

I talen sin ved overrekking av diplomet sa Sverre Leivdal;  – i ei tid med mange kriser og tilsynelatande uløyselege konfliktar og dyrtid, treng vi som samfunn, at det vert jobba med løysingar. Vi treng at nokon går føre, syner veg og tek ansvar.

– For det er aldri for seint å snu, aldri for seint å endre praksis. Verda står midt i ei klimakrise, naturmangfaldet vårt er truga, økosystem vert øydelagt.  Då er det så bra at det finst lyspunkt. Det finst små og store aktørar som tek tak, viser veg og står fram som fyrtårn for andre. Gjennom jobben de no har gjort, så har de innført eit system for grøn omstilling. 

– Gjennom eit effektivt miljøleiingssystem har de no eit medvite forhold til korleis de skal redusere firmaet si miljøbelastning, korleis de skal stimulere til grøn omstilling i eiga verksemd og gjennom det fått auka konkurransekraft.

– Men, jobben er ikkje gjort. Det er no de skal leve opp til sertifiseringa og ha eit kontinuerleg fokus på nettopp redusert miljøbelastning og grøn omstilling. Eg er overtydd om at det også vil gje betre økonomi, no er Nord Vest Elektro allereie i solid bedrift og har eit godt fundament for vidare vekst, men med denne sertifiseringa og med eit kontinuerleg forbetringsarbeid er de godt skodde for å ta ein større del av marknaden. Både det offentlege og dei private kundane etterspør miljømedvitne oppdragstakarar, sa varaordførar Sverre Leivdal då han overrekte beviset på miljøfyrtårn-beviset.

– Volda kommune er stolt av å ha framoverlente bedrifter som syner veg og brukar eigne ressursar på omstilling og på å bidra til å løyse dei store utfordringane, også i det små og i det daglege. 

– Gratulerer med sertifiseringa, no kan de trygt kalle dokke eit miljøfyrtårn, lev opp til det og lukke til med arbeidet vidare. Vi heiar på dokke, avslutta han med.

 

Volda kommune

Kva er miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing. Det skal hjelpe verksemder å lukkast med grøn omstilling. Ved å vere eit Miljøfyrtårn tek ein aktivt del i å skape ei berekraftig framtid, og ei grøn omstilling. 

Bedriftene får konkrete verktøy for å arbeide målretta med bedre miljøprestasjonar innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. 

Dette blir gjort ved å sette i verk tiltak ut i frå eit definert sett med kriterium, tilpassa verksemda si drift og bransje.

Kontakt

Elise Sandvik Meland
plan- og miljørådgjevar
E-post
Mobil 94 78 27 51