Utdeling av Volda kommune sin kulturpris 2025

Utdeling av Volda kommune sin kulturpris 2025

Etter mange år med kor og musikk løftar juryen i år fram ein ny sjanger: lokalhistorie – ei feiring av dei som tek vare på kulturarven og identiteten vår for framtidige generasjonar.

Ordføraren deler ut kulturprisen til Paul O. Tomasgard, Valborg Hustadnes og Per Arne Barstad  - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen delte ut Kulturprisen 2025 i Volda kommune til Paul O. Tomasgard, Valborg Hustadnes og Per Arne Barstad (ikkje tilstade på bildet). Volda kommune

Då ordføraren delte ut prisen sa ho at det er med stor glede og stoltheit at vi i dag vil dele ut Volda kommune sin kulturpris for 2025. Kulturprisen er ei viktig markering av det mangfaldige kulturlivet i kommunen vår – og ei anerkjenning av dei som gjennom sitt virke ber kulturarven vidare, sa ordførar Sølvi Dimmen når ho delte ut prisen.

 – Etter mange år med kor og musikk, ønskjer juryen i år å løfte fram ein ny sjanger: lokalhistorie. Kulturhistorie og identitet er viktigare enn nokon gong, og dei som dokumenterer fortida, er bærarar av kulturarven til komande generasjonar. Årets kulturpris går til tre personar som har gjort eineståande innsats for å bevare og formidle lokalhistorie – gjennom tekst, bilete og engasjement.

– Dei vi heidrar i dag er bærarar av kulturarven. Dei har dokumentert levd liv, bygdeliv og lokal identitet med stor innsats og engasjement, ofte på frivillig basis. Arbeidet deira er eit lim som bind generasjonar saman, og ei kjelde til stoltheit og samhald.

Eg har gleda av å kunngjere at årets kulturpris går til tre personar som har gjort eineståande innsats for å bevare og formidle lokalhistorie.

Prisen gjekk til:

Paul O. Tomasgard – Hornindal

Lokalhistorikar, tidlegare lærar og ordførar, med eit livslangt engasjement for bygde-, landbruks- og slektshistorie. Han har publisert ei rekkje bøker, mellom anna om utvandringa til Amerika, husmannslivet, landbrukshistoria og skulehistorie i Hornindal. Tomasgard har vore ein sentral formidlar og har bidrege til å bevare lokal identitet og kulturminne.

Valborg Hustadnes – Folkestad

Forfattar og lokalhistorisk formidlar med særleg fokus på sæterdrift og bygdeliv i Volda og Dalsfjorden. Gjennom bøker som Sæterliv i Voldafjell og bidrag til Voldaminne, har ho dokumentert ei viktig og ofte gløymd del av kulturarven. Hustadnes har også deltatt på litterære arrangement og bokfestivalar i regionen.

Per Arne Barstad – Volda

Gardbrukar, songar og forfattar med ni bøker om folk og daglegliv i Volda. Gjennom portrett, historier og bilete har han dokumentert levd liv og lokal kultur. Med over 60 år i Volde mannskor har han også vore ein viktig kulturberar og formidlar av lokal identitet.

– På vegne av Volda kommune gratulerte ordføraren Valborg Hustadnes, Paul O. Tomasgaard og Per Arne Barstad med kulturprisen for 2025. Dei er alle verdige vinnarar. Vi takkar dykk for ein fantastisk innsats og for at de har teke vare på minnet om kven vi er – til glede for heile fellesskapet og komande generasjonar. Vi gratulerer og takkar!