Utgreiinga av framtidig kommunestruktur er no klar

Utgreiinga av framtidig kommunestruktur er no klar

Rapporten frå Telemarksforsking er klar.

Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med framtidig samarbeid og kommunestruktur mellom Ørsta og Volda er no ferdigstilt og publisert. 

Rapporten er utarbeidd av Telemarksforsking og blir lagd fram for kommunestyra i felles kommunestyremøte torsdag 29. oktober kl. 17.00.

Rapporten skal gi kommunane eit fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med å vurdere framtidig organisering. Utgreiinga ser på tre alternativ: å halde fram som i dag, å utvide samarbeidet mellom kommunane eller å slå kommunane saman.

Det er ikkje teke stilling til om kommunane skal slå seg saman eller ikkje. Kommunestyra skal ta stilling til vegen vidare etter kvart som kunnskapsgrunnlaget og dei ulike delane av arbeidet er behandla.

Rapporten finn du på den nye heimesida Saman-om-framtida.no :

Utgreiing av framtidig kommunestruktur

Arbeidet blir leia av ei felles tverrpolitisk arbeidsgruppe med representantar frå begge kommunane. Dersom kommunestyra vedtek å gå vidare med prosessen, vil innbyggjarane få høve til å seie si meining gjennom mellom anna ei innbyggarhøyring.

Sjå strøyminga av kommunestyremøtet frå kl. 17.00 torsdag 29. oktober (kommuneTV - Volda).