Utlysing av transportløyve for snøskuter. Snøskuterløyve 2025-2029

Utlysing av transportløyve for snøskuter. Snøskuterløyve 2025-2029

Volda kommune lyser ut køyre- og transportløyve for snøskuter for perioden 2025-2029 (gjeld også fornying av løyve). Frist for å søke er 20.10.2024

Ein kan søkje på desse geografiske områda:

  • Dalsfjord, inkludert Dalsfjordfjella (frå Kornbergneset til Velsvik).
  • Vestleg side av Voldsfjorden (frå Kornbergneset – Folkestad – Straumshamn – Bjørkedalen).
  • Austleg side av Voldsfjorden (frå Berkneset – Volda – Austefjord – Grøndalen og Bjørke/Viddal).
  • Tidlegare Hornindal kommune.

 

Søknaden skal innehalde følgjande:

  • Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse
  • Geografisk område
  • Tidlegare erfaring 
  • Utstyr til disposisjon

 

Aktørar som har hatt løyve dei 4 siste åra, vil truleg bli prioritert framfor nye søkjarar. Dette under føresetnad av at vilkåra i tidlegare løyve er oppfylt og at innehavar av løyve har utført ein del oppdrag.

 

Søknadene vil bli handsama i tenesteutval for forvaltning og utvikling.

 

Søknad skal merkast med sak nr. 24/3523 og sendast med post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, Brev kan også sendast på søknadsskjema eller ev. e-post til postmottak@volda.kommune.no  

Frist 20.oktober 2024

Kontakt

Berit Sandvik Skeide
planleggar
E-post
Mobil 47 76 94 08