Vaksinar i Volda kommune

Vaksinar i Volda kommune

Volda kommune tilbyr fleire ulike vaksinar til innbyggjarar gjennom året. 

Nedanfor finn du oppdatert informasjon om vaksenvaksinasjonsprogrammet, yrkesvaksinering, vaksinar gjennom vidaregåande skule og andre tilbod. Alle vaksinar vert gjeve ved Volda helsestasjon, om ikkje anna er oppgitt.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Frå 2024 har Noreg eit nasjonalt vaksenvaksinasjonsprogram som skal bidra til betre beskyttelse mot alvorleg sjukdom hos vaksne. Programmet omfattar:

  • Influensavaksine
  • Koronavaksine
  • Pneumokokkvaksine


Les meir om kven som bør ta dei ulike vaksinene på Helsenorge: Vaksenvaksinasjonsprogrammet – Helsenorge.

Kven bør vaksinere seg?

  • Influensavaksine er anbefalt for risikogrupper og alle frå 65 år og oppover.
  • Koronavaksine er anbefalt for risikogrupper og alle over 75 år. Personar i alderen 65–74 år kan også ta vaksinen om dei ønskjer. 
  • Pneumokokkvaksine for dei fødd i 1960, og frå 2026 tilbod for dei fødde i 1960 og 1961, og vil vidare bli innført trinnvis etter nasjonale anbefalingar. 

Vaksinasjonsdagar

Det blir gjennomførd månadlege vaksinasjonsdagar ved Volda helsestasjon. Desse dagane er dei same som blir nytta for koronavaksinering. Informasjon om datoar blir løpande oppdatert på nettsida.

Timebestilling

Planlegg timen din på Pridok booking (du finn tilgjengeleg timar der). Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina. Ved spørsmål, ring oss på 70 05 88 20.

Yrkesvaksinering og vaksine kvart 10. år

Volda kommune startar no opp tilbod om yrkesvaksinering for arbeidstakarar som treng dette i jobbsamanheng. Ta kontakt med oss om du ikkje er kommunalt tilsett, så finn vi ei løysing for deg. 

I tillegg tilbyr vi vaksina som alle vaksne blir anbefalt å fornye kvart 10. år, nemleg Boostrix Polio, som beskyttar mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio. 

Reisevaksinering

Volda kommune tilbyr per i dag ikkje reisevaksinering. Innbyggjarar som treng reiserelaterte vaksinar må ta kontakt med eit anna vaksinasjonstilbod i regionen.

Kontaktinformasjon

Planlegg timen din på Pridok booking (du finn tilgjengeleg timar der).

Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina. Ved spørsmål, ring oss på 70 05 88 20.

Vaksineinformasjon