Varsel om nedetid på heis, Volda omsorgssenter

Varsel om nedetid på heis, Volda omsorgssenter

Til alle brukarar, besøkande og tilsette ved Volda omsorgssenter.

Skilt ved innkøyrsle der det står Volda omsorgssenter - Klikk for stort bilete Volda kommune

Grunna nødvendig vedlikehald og overhaling av kritiske komponentar, vil hovudheisa vere ute av drift frå Måndag 24.03.2025 og om lag 1 veke fram i tid. Dette arbeidet er viktig for å forlenge levetida og sikre driftstryggleiken til heisa.

Vi legg til rette for at den andre heisa i bygget, lokalisert i A-fløy mot Barstadtun, kan nyttast i perioden. Det vil hengast opp skilt som informerer om dette.

Vi beklagar eventuelle ulemper dette måtte medføre og takkar for forståinga.