Varsel om oppstart med detaljregulering av Dinglavatnet

Varsel om oppstart med detaljregulering av Dinglavatnet

Shutterstock/Pixabay

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, varslast med dette oppstart av detaljregulering av Dinglavatnet.

Forslagsstillar er Volda kommune. Plankonsulent er Norconsult AS. Planområdet delast mellom kommunane Volda og Ørsta med kvar sine plannummer, plankart og føresegner.

Føremålet med planen er å sikre drikkevasskjelde for Volda sentrum. Som tiltak skal demningane rehabiliterast i samsvar med gjeldande forskrifter. Vassnivået eller volumet til sjølve Dinglavatnet skal ikkje aukast.

Planområdet innlemma heile nedslagsfeltet inkludert røyrleidningar til vassverket, jf. noverande situasjon. I tillegg blir det teke med areal for eit potensielt masseuttak i samband med rehabiliteringa av demningane.

Særleg masseuttaket vil medføre tydlege inngrep i landskapet. Planen vil difor fastsetje føresegner som sikrar istandsetting/gjenfylling av sår og inngrep i natur og landskap med stadeigen vegetasjon, slik at inngrepa blir mindre synlege når uttaket av massar er avslutta. Planen vil også gi føresegner for anleggsperioden for å redusere ulempene for turgåarar og friluftsinteresser.

Dersom du har lokale opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta omsyn til, kan desse sendast til Volda kommune, postmottak@volda.kommune.no innan 1. september 2023.  Det planleggjast eit ope orienteringsmøte om planarbeidet 17. august, kl. 1600 på Samfunnshuset i Volda.

Detaljregulering for Dinglavatn
Tittel Publisert Type
Dinglavatnet_vedlegg03_Planinitiativ_Detaljregulering.Dinglavatnet_01B_Sjekkliste.ROS

26.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dinglavatnet_vedlegg03_Planinitiativ_Detaljregulering.Dinglavatnet_01B_Sjekkliste.ROS.pdf
Dinglavatnet_vedlegg04_Referat frå oppstartsmøtet - Detaljregulering for Dinglavatn

26.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dinglavatnet_vedlegg04_Referat frå oppstartsmøtet - Detaljregulering for Dinglavatn.pdf
Dinglavatnet_vedlegg02_Planinitiativ_Detaljregulering.Dinglavatnet_01A_mål.og.rammar.til.reguleringsplana_rev.1

26.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dinglavatnet_vedlegg02_Planinitiativ_Detaljregulering.Dinglavatnet_01A_mål.og.rammar.til.reguleringsplana_rev.1.pdf
Dinglavatnet_vedlegg01_Planavgrensning_Ørsta-A0-L

26.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dinglavatnet_vedlegg01_Planavgrensning_Ørsta-A0-L.pdf
Dinglavatnet_vedlegg01_Planavgrensning_Volda-A0-L

26.06.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Dinglavatnet_vedlegg01_Planavgrensning_Volda-A0-L.pdf