– Denne dagen kan du få sitte på med vannskuter, båt og tube. Du kan bade og padle i kano, kajakk og SUP. Vi har med ein kjempeflink padleinstruktør som vil lære vekk tips og triks, seier Kristine Sofie Orheim Hansen, leiar i Hornindal frivilligsentral.
– Det blir leikar og aktivitet på land for store og små.
Hornindal bygdekvinnelag serverer suppe og brød kl. 14.00
Gratis buss frå Volda busstasjon kl. 12.30, retur frå Hornindal kl. 16.00
Det er gratis å delta, og berre dei som vil følgje buss frå Volda må melde seg på. Påmelding til buss via denne lenkja: https://docs.google.com/
Kom og bli med på ein dag med moro i og ved Hornindalsvatnet!
Takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre for midlar til vassaktivitetsdagen som ein del av markeringa av Friluftslivets år 2025!
Takk til Volda Røde Kors som stiller opp med sikkerhetspersonell slik at alle kan føle seg trygge på vatnet!
Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for midlar til utstyr i BUA Hornindal!
Takk til dei som stiller opp for at andre skal få ei kjekk oppleving denne dagen!
Volda frivilligsentral