Vegbrøyting i samband med beredskapsøving Anne Lise Gridseth Volda kommune brøyta Prestesetrevegen frå bommen ved Håmyra til Skitnevatnet torsdag 9. mars. Arbeidet vart gjort som del av beredskapsøving for Volda vassverk. Anne Lise Gridseth Dette for å få erfaring med tilkomst vinterstid ved eventuelle hendingar på infrastruktur i samband med vassverket. Vi beklagar ulempene dette medfører for ivrige skigåarar. Det ser ut til å kome ein del snø i dagane framover som kan bøte på. Medan skigåarane ventar på ny snø, kan andre nytte seg av fint brøyta veg i det nydelege vintervêret. Publisert 10.03.2023 11:01 Sist endra 10.03.2023 11:23