Vegstenging i Furene. Utskifting av vatn- og avlaupsrør mellom Morkavegen og Morkafura utklipp av arbeidsområdet Strekninga frå krysset Morkavegen og Furene opp til Morkafura vert stengt for gjennomkøyring frå 20.11.2023. Truleg til og med ut i april 2024.Volda kommune skal skifte ut VA- rør over ei strekning på 400 meter i Furene. Dette er rør som vart lagt ned i 1970 og det har vore mange lekkasjar i området. Stenginga vil etappevis også gjelde for fotgjengarar.Arbeidet startar opp måndag 20. november, der første fase gjeld strekninga frå krysset Morkavegen og til Volda Maskin i Furene 42.For å kome til eksisterande kummar vert mykje av krysset gravd opp. Her sikrar vi grøftene med byggegjerder og set opp ei mellombels bruløysing over elva for dei som nyttar gangvegen .Det vert mogleg å passere med bil til og frå Morkavegen og Håskjoldvegen.Vi reknar med at prosjektet vil vare fram mot slutten av april. utsnitt av kryss og gangbruløysing Publisert 16.11.2023 15:39 Sist endra 16.11.2023 16:40