Velkomen til Volda!

Klikk for stort bileteGjennom godt lokalt samarbeid, mellom Aarflot Media, Møre, Volda Næringsforum og Volda kommune, har vi fått laga ny turistbrosjyre og nettstad med turistinformasjon.

Her viser vi fram noko av det fine Volda og Søre Sunnmøre har å by på. Den nye brosjyren kan du få i butikkar, på rådhuset og andre stadar der tilreisande kjem innom.

Dersom du har innspel om noko du synes bør få komme med i neste utgåve kan du kommentere under eller send forslaget til info@volda.kommune.no

Her er den rykande ferske nettstaden: https://turistivolda.no/

På biletet f. v.: Bente Engeseth,Volda kommune, Roar Vikene, Volda Næringsforum, Tonje Marie Nupen Aarflot, Møre, Tore Aarflot, Møre/Aarflot Media og Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune. Foto: Kaspar F. Selvik, Møre