Venterom og toalett på busshaldeplassen

Venterom og toalett på busshaldeplassen

Bilete av Moritzløda i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø

Kommunen har no skrive kontrakt med Møre Miljøsanering AS om riving av Moritzløda i Volda sentrum.

Når dette er gjennomført vil det kome på plass eit nytt bygg med venterom og toalett - som eit etterlengta tilbod for dei som nyttar buss i sentrum. Stadt Kystbygg AS leverer bygget som er planlagt etter same arkitektoniske prinsipp som servicebygget på moloen i sentrumshamna.

Som ei mellombels løysing vil delar av området der løda no står verte tilrettelagt for bubilparkering. Her vil det også kome tømestasjon for bubilar.

Illustrasjon som viser kvar det skal vere oppstillingsplass for bubil, toalett og venterom på busshaldeplassen i Volda sentrum. - Klikk for stort bilete Illustrasjon Teikning av servicebygg for toalett og venterom på busshaldeplassen i Volda sentrum. - Klikk for stort bilete Nordplan