Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober.

Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober.

Plakat der det står - Klikk for stort bilete verdensdagen.no

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir markert kvart år 10. oktober for å skape merksemd om psykisk helse.

I Norge blir dagen markert med ein nasjonal kampanje som mobiliserer befolkninga til felles innsats for den psykiske folkehelsa.
Kampanjen varer frå veke 39-42 og blir markert i kommunar, skular , arbeidsplassar, organisasjonar og fagmiljø over heile landet.

Tema i år: vi treng å høyre til #lagplass

Det er Mental Helse som koordinerer kampanjen på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Kvar femte person i Norge har få eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg, og det er fleire som er einsame no enn før pandemien. For sårbare og marginaliserte grupper, er utanforskapet endå større.

Forsking viser at det å gjere noko meiningsfullt saman med andre er viktig for å motverke einsemd, utanforskap og psykiske belastningar spesielt i urolege tider.
 

Kva kan du gjere?

Vi har alle eit ansvar for å lage plass til fleire- har du nokon gong tenkt over kva du kan gjere?

I Volda har vi mange uformelle og formelle møteplassar –  korleis kan vi saman gjere dei meir inkluderande?

Ønsker du meir informasjon om Verdsdagen for psykisk helse , kan du sjå verdensdagen.no.

Vi treng å høyre til #lagplass.

Å setje seg ned med ein skravlekopp fortel at du har plass og gjerne vil prate med nokon.

Du finn ordføraren på ein møteplass i Volda. Sjå kvar på Friskus: https://volda.friskus.com/ 

Friskus er Volda kommune sin kultur- og aktivitetskalender. Frivillige lag og organisasjonar registrerer sine tilbod og arrangement her.

Bli med å gjere kvardagen til andre betre!