Vèrstasjon 58960 Hornindal - frå manuell til automatstasjon

Vêrstasjon 58960 Hornindal - frå manuell stasjon i 125 år til automatstasjon frå 28. juli 2020.

Klikk for stort bilete 

På Raftevold i Hornindal har det vore vèrstasjon med manuelle nedbørsobservasjonar i 125 år.
Sommaren 2020 vart det montert nytt utstyr for automatisk avlesing av vèrdata. Meteorologisk institutt får no timesdata med temperaturar og fuktmålingar i tillegg til nedbør- og snødjupnemålingar.

Tidlegare Hornindal kommune ga eit tilskot på kr. 50.000 til fornying/automatisering av stasjonen, slik at stasjonen vart automatisert og vèrdata frå Hornindal vart tilgjengelege på yr.no

Sverre Raftevold, har gått over frå å vere nedbørsobservatør til å vere tilsynsperson. Han vil halde fram med å ta nedbørsmålingar fram til juli 2021 for å få eit år med dobbeltmålingar. Dette er viktig for å kunne sjå ev forskjelar i nedbørsmengde og gi muligheit for å koble manuelle historiske data med nye automatiserte data. Sverre Raftevold har teke nedbørsmålingar kvar dag sidan 1998, og familien Raftevold har hatt ansvar for nedbørsstasjonen sidan 1895. Meteorologisk institutt set stor pris på den innsatsen som er gjort på garden Raftevold sidan 1895.