Vi har ledig stilling for Plan- og miljørådgjevar
Vil du bli kollega med våre dyktige og engasjerte folk på utviklingsavdelinga i Volda kommune? Vi har no ei ledig stilling som plan- og miljørådgjevar.
Det er mykje som skjer i Volda kommune og det er mange prosjekt utviklingsavdelinga er engasjert i.

Vil du vere med å utvikle Volda vidare, kan dette vere sjansen din.
Sjå meir om stillinga og søk her.
Utviklingsavdelinga har 9 tilsette med ansvar for:
- Handsaming av plan-, bygg- og delesaker
- Overordna samfunnsplanlegging (kommuneplanarbeid)
- Klima- og miljøsaker
- Kart- og oppmålingsarbeid
- Utskriving av eigedomsskatt
Skog- og landbrukstenester blir kjøpt frå Ørsta kommune som er vertskommune for felles landbrukskontor.
Publisert 13.03.2025 11:34
Sist endra 13.03.2025 12:41