Vil du donere juletre til kommunen?

Vil du donere juletre til kommunen?

Har du eller nokon du kjenner ei gran som Volda kommune kan få?

Den kan få æra av å bli juletre på Sivert Årflot-plassen i Volda sentrum.

Grana må vere 6-8 meter høg og fin å sjå på. 

Vi kan hente den om den står på ein stad der det er råd å kome til. Kanskje har du ei gran i hagen din som du ønsker å få fjerna?

Ta kontakt med Hildegunn Mork, arbeidsleiar/formann ved avdeling park/kyrkjegard,

Telefon 91 68 83 81

Skog i vinterdrakt - Klikk for stort bilete Volda kommune