Vil du ha gratis klima- og energirådgiving?

Vil du ha gratis klima- og energirådgiving?

Bilete av Elise Hjelle Sandvik, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune. På kontoret med PC på kontorpulten. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Treng du råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad, spør Elise Hjelle Sandvik, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune.

–  Dette kan energirådgjevarane i Simenergi gi deg svar på. Det betyr at du som eigar av ein bustad kan bestille digital synfaring som gir deg råd om små og større energisparande tiltak, tilpassa din bustad og din økonomi, seier Elise. Tilbodet er gratis og uforpliktande.

– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi.  Vi vil legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier rådgjevaren.

Bestill befaring

Les meir om tilbodet på mrfylke.energiportalen.no.

 

Tilbodet gjeld fram til september 2023.

Kontakt

Elise Sandvik Meland
plan- og miljørådgjevar
E-post
Mobil 94 78 27 51