Vil du hjelpe oss å skape ei fin julefeiring på Uppheim?

Vil du hjelpe oss å skape ei fin julefeiring på Uppheim?

Hornindal frivilligsentral og International Volda ønskjer å invitere alle til julefeiring på Uppheim 24. desember. For å få til feiringa treng vi frivillige som vil hjelpe til.

Teikning av eit juletre og same tekst som i artikkelen.  - Klikk for stort bilete illustrasjon

Med støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre ønskjer Hornindal frivilligsentral saman med International Volda å arrangere julefeiring på Uppheim 24. desember. 

Julefeiringa skal vere open for alle. Unge og gamle, studentar, flyktningar, aleine eller med familie, alle er velkomne!

Men for å få til dette treng vi di hjelp!  

Har du lyst å hjelpe oss med rigging og pynting lisje julaftan, eller med rydding og oppvask under festen? Kanskje du vil underhalde litt, eller stelle i stand aktivitetar for barna? Uansett blir vi veldig glade om du melder deg som frivillig her: Frivillig hjelp til julefeiring på Uppheim – Fyll ut skjemaet

Du kan melde deg som frivillig anten du vil vere deltakar på feiringa eller ikkje. Meir informasjon om feiringa, og påmelding til denne kjem seinare. 

Vi lovar god stemning, mange blide gjestar, litt kaos og god mat!